Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Varme og uro

Med varm luft kan vi få ei uro til å bevege seg!

Uro2

Når uroa står over ein omn, er det luftstraumen oppover frå den varme omnen som held uroa i bevegelse. Ei uro er ein varmekraftmaskin fordi ho lagar bevegelsesenergi av varmeenergi. Vi kan lage turbinuro eller spiraluro. 

Turbinuroa

Turbinuroa er lett å lage og forholdsvis lett å få til å gå. Klipp til ein sirkel med diameter på f.eks. 15 cm. Sett eit merke på midten sånn at du kjenner balansepunktet. Klipp f.eks. 12 kutt frå kanten og halvvegs inn mot sentrum. Da blir det også 12 område, som vi brettar til venger eller skovlar ved å vri de omtrent 45 °, alle i same retning.

Bildet viser korleis vi lagar ei uro. Lag 8–12 klipp halvvegs inn mot sentrum. Brett og vri kvar enkelt papirskovl. Stikk først hol, sett deretter uroa på ein spiss. Bildet viser korleis vi lagar ei uro. Lag 8–12 klipp halvvegs inn mot sentrum. Brett og vri kvar enkelt papirskovl. Stikk først hol, sett deretter uroa på ein spiss.

Vi må balansere uroa på ein spiss. Vi syntest det gikk best om vi stakk eit lite hol i papiret og teip det igjen på oversida. Da går spissen gjennom holet og stoppar opp mot teipen. Som spiss har vi bruka ei knappenål som stakk ut frå innsida av ei fyrstikkeske. Vi har også bruka spissen på ein kulepenn, eller ein skarpt spissa blyant. Blyanten og kulepennen teipa vi fast på ein radiator. Jo tynnare spissen er, dess mindre blir motstanden mot rotasjonen. Det går også an å henge uroa i ein sytråd, men da går ho berre rundt nokre få gongar fordi tråden tvinnar seg. 

Ei spiraluro og fem ulike turbinuroer i fart på ein varm radiator. Tre av uroene kviler på kulepennar, ei på ein spiss blyant og to på nåler. Ei spiraluro og fem ulike turbinuroer i fart på ein varm radiator. Tre av uroene kviler på kulepennar, ei på ein spiss blyant og to på nåler.

Utvidelse av aktiviteten:

Vi kan også sette eit elektrisk lys under uroa. Vil ho bevege seg da?

Her har vi hengt uroene opp i ei kjede som blir bruka på bad til å halde kumproppane på plass. Kjeda består av ein slags svivlar som roterer lett.  Her har vi hengt uroene opp i ei kjede som blir bruka på bad til å halde kumproppane på plass. Kjeda består av ein slags svivlar som roterer lett. 

 

Fagleg forklaring

Den varme lufta som kjem opp frå ovnen, støter mot skovlene og skyv dei til sida. Alle skovlane må vere vridne same veg.

Vindmøller blir haldne i gong av ein vassrett luftstraum. Her har vi ein loddrett luftstraum. Vi har ikkje gjort mange nok forsøk til å finne ut tal og form på skovlene som gir det beste resultatet. Så det kan de kanskje finne ut noko om sjølve.

Spørsmål frå barn

Barn har mange fine, undrande spørsmål i forbindelse med slike aktivitetar. Under gjennomføringa av denne aktiviteten spurte eit barn: Kvifor er det varmt over lyset (alle fikk kjenne på den varme lufta før vi prøvde uroene) og: Kvifor beveger ho seg nå? (over lyset).

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Generelt:

  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever, utforsker og eksperimenterer med naturfenomener og fysiske lover 

Personalet skal:

  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen

 

Materialer og utstyr

  • papir
  • saks
  • spiss nål eller blyant
  • varmeomn eller liknande