Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Frøinnsamling til blomstereng

Seinsommaren og hausten er ei fin tid for å samle frø for å lage eiga blomstereng i barnehagen.

Bilete 5

 

Å samla frø er gøy!

Frøa skal samlast når plantene er avblomstra og står i frukt. Inne i fruktene finst frøa. Frøa og fruktene varierer veldig i storleik. Store frø kan vera fint å handtere for små barn, medan små frø kan lettare handterast av store barn. Ulike planter blømer til ulik tid, så dette kan vera ein fin aktivitet å gjer fleire gonger gjennom av sommaren og hausten for å få eit mangfald av planter som blømer til ulik tid. Frøa som er samla lagrar de tørt gjennom vinteren slik at dei er klare til å bli sådd neste vår.

  1. Finn eit område med blomar du ynskjer deg til eiga blomstereng.
  2. Finn fruktene til planta. Ser du frøa? Korleis ser dei ut?
  3. Klipp eller brekk av fruktene og samle dei i ei bøtte eller ein pose som du tar med tilbake til barnehagen.
  4. Legg fruktene med frø i til tørk på eit laken eller i eit putevar.
  5. Ta frøa ut av fruktene.
  6. Sorter frøa i kaffifilter, skriv på artsnamn og lagre ein tørr stad til våren.

 

Tips til planter.

Raud jonsokblom: Mange små, brunsvarte frø i ein kapsel.

Sjå bilete/info 

Tiriltunge: Brunsvarte frø i ein mørkebrunbelg som sprekk opp.

Sjå bilete/info

Fuglevikke: Brunsvarte frø i ein belg som sprekk opp.

Sjå bilete/info

Blåklokke: Mange små frø i ein kapsel med hol. Frøa kan ristast ut av hola.

Sjå bilete/info  

Skogstorkenebb: Fem frø i ein sprekkapsel. Frøa slynges ut når kapselen sprekk opp.

Sjå bilete/info 

Ryllik: Bittesmå avlange frø i fruktene.

Sjå bilete/info 

Markjordbær: Runde smånøtter som sit utanpå jordbæret.

Sjå bilete/info

 

Frø frå andre planter som ikkje skal inngå i ei blomstereng kan samlast på same måte.

Unngå å samle frø frå framande artar med høgt invasjonspotensial i norsk natur.

Den norske framandartslista finn du her

 

Sjå bilete frå frøinnsamling i ein barnehage

  • Bilete 1
  • Bilete 2
  • Bilete 3
  • Bilete 4
  • Bilete 5
  • Bilete 6
 

 

Rammeplanen

Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna

  • opplever og utforsker naturen og naturens mangfold
  • får gode opplevelser med friluftsliv året rundt
  • får kjennskap til naturen og bærekraftig utvikling, lærer av naturen og utvikler respekt og begynnende forståelse for hvordan de kan ta vare på naturen

Personalet skal

  • legge til rette for mangfoldige naturopplevelser og bruke naturen som arena for lek, undring, utforsking og læring

 

Nyttige tips og litteratur

Vi tilrår følgjande bok:

Svalheim, E.J. (red). Frøboka. Handbok for innsamling av lokale frø til insektsvennlig blomstereng. Fagbokforlaget 2021.

 

 

 

 

 

Materialer og utstyr

  • Saks
  • Bøtte eller pose til frukt med frø
  • Laken eller putevar
  • Kaffifilter
  • Blyant