Undervisningsopplegg

Økt 5: Førebu presentasjon om tiltak

I denne økta skal elevane velje kva for eit tiltak dei vil presentere, og dei skal førebu presentasjonen. 

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • bruke krinsløpet til karbon og argumentere for eit klimatiltak som kan redusere mengda karbondioksid i atmosfæren

Tidsbruk

Introduksjon  5–10 minutt
Val av tiltak og førebuing av presentasjon  40–50 minutt
TOTALT  45–60 minutt

 

 

Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

1. Gjer deg kjent med økt 5 i PowerPoint-presentasjonen.

Forsøk og praktisk arbeid

Gjennomføring av økt 5

Ark 37–38. Presentasjonsform. Sei at elevane kan velje korleis dei vil presentere forslaget sitt for potensielle politikarar. Gi forslag til kva for plattformer som kan vere aktuelle og la elevane komme med eigne forslag. Gå gjennom kva presentasjonen skal innehalde.

Ark 39. Finn informasjon. Be elevane velje tiltak og finne meir informasjon om dette tiltaket. Gi dei gjerne tips om aktuelle filmar eller artiklar. I tillegg kan dei finne andre kjelder om tiltaket dei har vald. Minn dei på å sjekke kven som har skrive informasjon og vurdere om dette er ei påliteleg kjelde. Be dei også oppgi kjeldene sine i presentasjonen.