Fuglekassestien

Me ynskjer og gjere noko nytt med årets julekalender, og har på bakgrunn av det kome fram til at me ynskjer å lage ein fuglekassesti! Den skal innehalde 24 kassar som me set opp i adventstida. Alle borna lagar sin kasse som dei heng opp etter kvart som dagane går fram mot jul. 

Fuglekassestien-front

Det var nydeleg ver i Storåsen i dag den 27.11.12. Det ser ut til at me går inn i ein lang periode med fint ver. Etter kvart høyrer me øksa svingar seg og smell mot hoggestabben. Eit lite lag med opptenningsved ligg ved sida av bål-plassen. Me eldar straks opp på og byrjar bu oss på matlaging. Villmarksbussen står parkert ved tømmerlunden og me traskar dei siste 500 metrane med ryggsekk mot lavvoen. I dag er det ikkje berre ryggsekkane me ber på, me ber også med oss plankar, spikar, stifter, takpapp, drill og sag. Børa er tung, men når alle er med og ber er det ikkje vanskeleg å kome seg fram utan å slite seg heilt ut. «Betre bør du ber ikkje i bakken enn mannavit mykje» (Håvamål ). «Børa du ber i bakken gjev og mannavit mykje» (Villmarksmål). Sola smyg seg i mellom gran- trea og teiknar tydelege strekar på skrå innover i skogen. Lavvoen ligg og ventar oss i utkanten av granskogen, godt beskytta av store tre mot snøfallet som ein dag kjem.

FØREBUING

Borna er svært delaktige i snikkring og oppheng av kassane, men det er sjølvsagt ikkje alt som ein klarar og gjere. Nokon av dei eldste gjer alt arbeidet sjølv med lite involvering av vaksenhjelp. Dei minste får oppfølging og rettleiing gjennom heile prosessen det er å bygge kassen.  Nokon viser stor interesse og vil gjerne bygge fleire, mens andre gjer det litt for å prøve, men mistar etterkvart lysta. Resten av arbeidet gjer den vaksne.  Til slutt heng me opp kassen og skriv namnet på. Alle borna er med og heng opp sine kassar Dei ber kassane sjølv dit me heng dei opp.

Fuglekassestien_Bildemontasje

Det er hovudsakleg meisekassar, eit par kassar for stare, og sist men ikkje minst to uglekassar ein for kattugle, og ein for perleugle.  Dei fleste kassane er satt opp ca. 150 cm over bakken, mens nokon heng mellom to og tre meter over bakken. Uglekassane heng høgt og var ei utfordring og henge opp. Tunge som bly og vanskelege å feste. Alle kassane er festa med ståltråd og stramma inn med kvistar.  Me har forsøkt og halde ein avstand på ca. 50 meter i mellom kassane.  Fytti katta kor kalde me blei på fingrane, ståltråd, tunge løft og -10 grader!!!  Men alle kom på plass, 24 i talet. Førebuinga me gjorde, var at me kappa til plankar og papp som me sette saman i lag med borna. Hola er også skorne ut på førehand, me freista med 18 volts drill som skulle bore hol i -10, men det gjekk ikkje,  den er  ingen til langdistanseløpar. Den slokna halvegs ved første hol. Store kassar med ferdige modular vart etter kvart løysninga på denne utfordringa. 

DORULL-NISSENS FALL

Dette året er det ikkje do-rull nissar på ski i bomulls-kledd papp som foreldra kan vente seg under juletreet, dei får ein invitasjon til å gå fuglekassestien saman med borna sine når tida er inne. Det vil sei i mai/juni månad. Dette er ein presang dei kan dele med mange, heile familien kan vere med på dette. Kassane er veldig tidleg på plass og me får tid til å gå oss godt kjent i området før me nærmar oss sesong med reirbygging og egg-legging. Rett før tida er inne har me også ein runde der me gjer ulikt vølingsarbeid på dei kassane som kulda har gitt hard medfart. Når me kikkar oppi, kan me også sjå at fuglar har nytta seg av ly i denne kalde perioden før våren melder seg. I lange periodar har me hatt temperaturar heilt nede mot -16 grader, og då kan me tenkje oss det har vore greitt å kunne finne ly om natta inne i ein slik kasse.

Å VISA OMSORG

I leiren vår i Storåsen kom me ikkje opp før me skreiv november. I påvente av at dei tilsetje i Villmarksgruppa skulle ta minibusslappen heldt me hus i skogen i gangavstand frå barnehagen. Da lappen var sikra og bussen klar reiste me inn i vårt område. Me gjekk straks i gang med fôring av fuglane. På eit brett, med smular og brød. I fòrings-kassa er det havregryn og solsikkefrø. Og under har me hengt opp ein gigantisk smultbolle me laga i ei 20 liters bøtte. Den består av smult, havregryn, nøtter, rosiner og solsikkefrø.  Det går lang tid før me ser fuglar våge seg bort. Men når me er komne ut i februar har aktiviteten auka betraktelig. Toppmeisen er svært ivrig saman med andre meiser. Og me kan sjå bollen svinn meir og meir.  I midten av mai nærma det seg tomt og restane dett ned på bakken. Me har forsett med å mate fuglane og vil gjere dette gjennom tida med egg-legging og klekking.

Fuglekassestien storåsen-0033

VÅREN KJEM SEINT

Fredag 3. mai bankar vinteren igjen på for fullt, bussen må me setje igjen og me må gå inn til leiren i ein halv meter med snø.  Våren kjem med andre ord seint hit til Voss i år og da han kom, kom han i 100, og gjekk rett over i sommar.  Dei første aktivitetane me observerte i kassane, var i slutten av april. No i starten på juni har me kassar med egg, fugleungar, klare reir, og nokre tomme kassar. Uglekassane er ikkje i bruk av ugler, der har vepsen funne seg til rette. Me er aktive i stien, men forsiktige, og borna viser stor evne til å ta omsyn. Det er stor interesse og spore hos borna og mens me bevegar oss langs stien går praten lett og dei er veldig engasjerte og føl med på fuglane i trea rundt. Det er fine samtalar og lite konfliktar, dei er flinke til å regulere kvarandre og halde lyden av flokken i skogen nede på eit fuglekassesti-nivå.

Fuglekassestien storåsen-78_1

Me er no midt inne i den mest aktive perioden, og ser endringane dagleg. Det er utruleg spanande for både vaksne og ungar og følgje med på nytt liv i emning. Me kan sjå blikka på ungane når dei kikkar opp i kassane og ser 9 bitte småe egg som ligg tett i tett i eit nydeleg utforma reir. Eller når det går opp for dei at nebba som gapar i mot er små fugleungar som skrik etter mat.  Eller fuglen som ligg på egga og ruger, fresar mot deg for å beskytte avkommet sit. Lufta vert fylt av undring, og spørsmåla er mange både blant ungane og dei vaksne.

Fuglekassestien Juni-2013-091-640x320

Ein artig observasjon me gjer oss er at i samtlige kassar med reir er eit ynda byggematerial reinsdyrhår. Dei reinsdyrhåra er det me som har teke med oss opp i skogen. Me brukar reinsdyrskinn i lavvoen eller når me sit ute. Fuglane har snusa opp dette og forsynt seg med det som har ramla av.

Fuglekassestien storåsen-73-640x320

NATURENS GANG

Myggen er byrja å svirre rundt oss, av og til ganske plagsomt, men me venner oss til det. To gutar sit på ei tue og klaskar mygg på kvarandre. Dei studerar dei flate mygglika og pratar om mygg og alt anna. Plutseleg reiser den eine guten seg opp og ropar: Hakkespetten!!! Han kjem springane opp til meg og kan fortelje at han har sett hakkespetten sitje inne i skogen. Han er redd den skal ta egga eller ungane frå reira. Denne erfaringa gjorde han seg to år tidlegare då flaggspetten hakka seg gjennom kassa vår i barnehagen og utraderte eit heil kull med ny-klekkte blåmeiser. Men på bakgrunn av denne erfaringa har me spikra stifter i kring holet på fuglekassa. Guten slår seg ikkje heilt til ro med dette og kikkar inn i skogen og er litt på vakt resten av dagen. Me går inn i ein kritisk fase og er no lite i kontakt med kassane, me observerer dei på avstand og held oss til det. Me vil ikkje skremme ungane for tidleg ut å risikere at dei feilar på den fyrste flygeturen.

EKSTERNE RESSURSAR

I denne perioden har me også oppretta kontakt med ornitolog-foreininga for Hordaland for å kunne få svara på noko av det me lurar på. Dette har vore nyttig og lærerikt og me håpar å kunne oppretthalde denne kontakten. Fugle-kikking opplever me som ein engasjerande og spanande aktivitet saman med born. Fuglane er rundt oss og set tydeleg preg på kvardagen vår i skogen.