Hopp til hovedinnhold

Dinosaurleik

Plastikkdyra er periodevis mykje i bruk i barnehagen. Temaet dinosaurar ligg mellom fantasi og verkelegheit. Faktisk så overgår den paleontologiske verkelegheita fantasien. Dinosaurleik kan enten ha aggressiv og valdeleg karakter, eller han kan vere prega av djup konsentrasjon. Dinosaurane og dei andre forhistoriske dyra blir ofte sortert etter ulike kriterium. Her er nokre tips til å gjere dinosaurleiken rikare. 

  TyrannosaurusPixabay

Artikkelen er henta frå Realfagsløyper

Nokre barnehagelærarar har sagt at dei ikkje blandar seg inn i dinosaurleiken: «Noko må dei få ha i fred for oss vaksne» og «Barna kan jo meir enn oss». Men det kan vere fleire gode grunnar for personalet å engasjere seg i dinosaurleiken til barna. Gjennom eit romsleg samspel anerkjenner personalet også denne leiken, og det kan bidra til at den vaksne får innblikk i barna sin fantasi og opplevingsverd. Vaksennærvær kan trygge enkelte barn og gjere det lettare for dei å komme inn i leiken. Ved å vere aktivt lyttande kan den vaksne få innblikk i kompleksiteten i leiken (Wolf 2014, s. 89). Når den vaksne er aktivt lyttande til dinosaurleiken, vil dei deltakande barna oppleve at deira bidrag i leiken har betydning og blir anerkjent (ibid). Den vaksne vil kunne delta som aktør eller deltakar i leiken, som produsent (f.eks. regissør) og som tilskodar (aktivt lyttande). Evna personalet har til å improvisere er vesentleg.

Når dei vaksne er til stade i kvardagsleiken, vil forholda ligge til rette for at barna engasjerer seg i relasjonar med andre. Men nærværet og deltakinga til den vaksne må ikkje gå på kostnad av den eigeninitierte utfoldinga til barna (Wolf 2014, s. 121).

Nokre tips til å gjere dinosaurleiken rikare:

1) Bruk eit naturfagleg språk aktivt for å hjelpe barn til å uttrykke si utforsking og tenking. F.eks. namn på den enkelte dinosaur (namnet er ofte skrive under dyret på buken) eller presise namn på kroppsdelar.

2) Still spørsmål som stimulerer til vidare utforsking/observasjon. Korleis sorterer de dinosaurane? Kan vi sortere dei på ein annan måte? Korleis kjennest ryggen til dinosauren ut når du tar på han? Ser det ut som dinosauren går på to eller fire bein? Kva farge er det på dinosauren? Kva skil denne dinosauren frå dei andre dinosaurane?

3) Still spørsmål som leiar til problemløysing: Korleis kan det ha sett ut der dinosaurane levde? Kva trur de at dei forskjellige åt? Kva dinosaur var redd for Tyrannosaurus Rex? Var Tyrannosaurus Rex redd for nokon? Kor store var dei trur de? Korleis kan vi finne ut av det? Korleis har forskarar funne ut det dei veit om dinosaurar?

4) Tilby materiell: Når barna leikar inne kan du tilby å lage kulissar/miljø som dinosaurane kan leve i. Skjer leiken ute i sandkassa kan du tilby bregnar til å lage kulissar. Kanskje de kan slå opp i oppslagsverk for å finne ut korleis omgjevnadane til dinosaurane så ut.

5) Tilby ei historie eller ein aktivitet:

  • Lag eit spor etter ein dinosaur i sandkassa. Du finn eit mønster på figuren til høgre. Foten er ca. 1 m frå hæl til tå. Det er 1,5–2 m mellom føtene. Får de plass i sandkassa til to spor, høgre og venstre? Forslag til spørsmål i samtale med barna: Kor lang er eigentleg foten til dinosauren som har laga dette fotavtrykket? Kor høg trur de den dinosauren som har gått her har vore? Kva for eit vindauge i barnehagen ville han kikke inn gjennom?
  • Grav ned store plastikkdinosaurar i sandkassa? La ein bitte liten del stikke opp av sanda. Bruk ein pensel til å børste fram dinosaurane. Forslag til spørsmål i samtale med barna: Kva ligg i sandkassa? Er det mange dinosaurar i forskingsfeltet (sandkassa)? Korleis kan vi grave opp ein dinosaur utan å øydelegge spora av andre dinosaurar?
  • Kyllingbein kan tørkast og leggast i gips. Barna kan så leike paleontologar som hakkar fram «fossila». Ei enklare utgåve vil vere å grave ned beina i sandkassa i staden. (Men hugs at alt må opp igjen – dei rotnar fort!)

 

DinosaursporPixabay

 

Faktaboks

Naturhistorisk museum i Oslo har ein faktaside om Tyrannosaurus og

dinosaurar og andre forhistoriske dyr

 

Referansar

 Wolf, K.,D. (2014): Små barns lek og samspill i barnehagen. Oslo: Universitetsforlaget.