Hopp til hovedinnhold

Villmarksgruppa i Voss barnehage

Godt over kuldegropa, og i eit nydeleg skogs-terreng med hemmelege stiar, flott undervegetasjon, gamle stubbar, knekte trestammar, tyttebærtuer, blåbærlyng og moltemyrar finn me nærområdet til Villmarksgruppa.

VillmarksgruppaGruppebilde

Villmarksgruppa er ein del av Voss barnehage, men med auka fokus på uteliv og opphald under open himmel. Me nyttar bussen til å komme oss ut dit. Då kjem me oss inn i terrenget som kler namnet på gruppa. Hovudsakeleg vil det vere Storåsen/Tvildesåsen, men bussen gjev oss også andre alternativ.

Me er ei gruppe på 18 born i alderen 3–5 år, med tre vaksne tilhøyrande denne gruppa. Dei vaksne består av ein fagarbeidar, ein førskulelærar og ein pedagogisk leiar.

Villmarksgruppa skal nytta naturen som leik og læringsarena fire av fem dagar i veka. TIDA er nøkkelen til vår pedagogiske tilnærming, me er ikkje berre på eit kjapt besøk i skogen, men me er der med tid og rom til å slå oss ned og til og sjå endringane i naturen. Naturen gjev oss høve til å brøyte plass for tanken og samtalen, miljøet rundt oss vil også integrere den kreative og den fysiske utviklinga til borna i mykje større grad då dette er ein naturleg del av kvardagen. Den vaksne si rolle er særs viktig, og krava til at den vaksne er engasjert og indre motivert er vesentleg, då mykje av grunntanken som ligg i botn når ein skal drive pedagogisk arbeid i naturen, er ein «ryggsekk» med kunnskap om naturen og ei genuin interesse som kan smitte over på borna.

Me ynskjer å skapa god relasjonar, tilhøyrigheit og meistringskjensle hand i hand med  naturen rundt oss.  Når me er i naturen så er me omringa av det som er ekte, dette ekte kan me gripe fatt i og kjenne på, den som får erfare dette kan lettare forstå.