Hopp til hovedinnhold

Klossar som flyt og prinsesser som søkk

Born er nysgjerrige, kreative og vitebegjærlige personar som heile tida er på søken etter ny kunnskap og nye erfaringar. I følgje Rammeplan (2011) skal borna gjera eksperiment og få svar på spørsmål som dukkar opp i denne samanhengen. Korleis kan ein på ein god måte leggja til rette for dette i barnehagen?

Dei siste åra har underteikna arbeidd meir fokusert på fagomgrep i naturfag i barnehagen gjennom førskulelærarstudentar sin praksis i barnehagen. Denne artikkelen vil bidra med nokre erfaringar frå dette arbeidet. Studentane kjem frå ordinær utdanning på heiltid og utdanning på deltid parallelt med jobb i barnehage.

Språk og omgrep er verkty for tanken i følgje Vygotsky, og Gjems (Gjems, 2009) skriv om Vygotsky:

Vygotsky mente at språket representerer de aller viktigste tegnene for å mediere kontakt mellom ytre hendelser og indre prosesser hos et menneske. Som resultat av mange erfaringer med språk i sosiale interaksjoner med andre, vil barn gradvis ta opp i seg ord, og ordene blir redskaper for selvstyrt indre, mental aktivitet eller tenking (s. 34–35).

Ein føresetnad for at orda og omgrepa skal bli dei gode reiskapane som Vygotsky skildrar, er at me som bruker orda er einige om meiningsinnhaldet i dei.

Dei fleste av studentane som byrjar på førskulelærarutdanninga har ingen spesialisering i naturfag frå vidaregåande skule, og mange av orda og omgrepa i naturfag er framande for dei. For at studentane skulle bli kjent med naturfagspråket fekk dei i oppdrag å laga ei forklaring på sentrale omgrep for born og ei for medstudentar som innleiing til rapporten. Eit av omgrepa som skulle forklarast, var oppdrift. Dette er eit ord som blir brukt av mange i kvardagen, men å skrive ei kort forklaring på kva det er, kan vera ei utfordring. Først eit eksempel på den formelle definisjonen som først blei forklart av Arkimedes, og har fått namn etter han:

Arkimedes lov: En gjenstand som er i en væske, blir påvirket av en oppdrift som er like stor som tyngden av den væskemengden gjenstanden fortrenger (Callin, Falch, Hetland, Pålsgård, & Walle, 1999).

Denne definisjon forklarer kor stor oppdrifta er og at oppdrift er knyta til gjenstandar som ligg i væsker. Likevel, for ein person som er ukjent med terminologien i naturfag, vil denne definisjonen ha liten verdi som forklaring på fenomenet oppdrift. Her er det viktig å bruke eit språk med færrast mogelege ord som er typiske for faget, men har likevel informasjon i seg. Ei forklaring som ber med seg essensen i kva oppdrift er, som ein kan bygge vidare på er fylgjande:

Oppdrift er den kraften i vannet som gjør at et skip kan flyte (Student, Flu).

Som vaksne som kan og veit ein heil del, er det lett å avvise nye omgrep, både fordi det er vanskeleg og fordi ein ikkje er interessert. Borna har ikkje noko filter for kva som er vanskeleg. Ordet ”traktor” er ikkje lettare for ein toåring å seia enn ”oppdrift”, men det blir mykje meir brukt. Så visst den vaksne veit kva oppdrift er, så kan borna læra det og. Eit eksempel på ei forklaring på oppdrift for born frå ei studentoppgåve:

Når vi presser en oppblåst ballong ned i vannet, vil vi kjenne at vannet gjør motstand. Den motstanden heter oppdrift.

Ein kan ikkje forventa at borna skal læra kva oppdrift er ut i frå ei rein ordforklaring. Forklaringa er hjelp til den personen som skal gjere forsøk med oppdrift saman med borna. Når ein har klart for seg korleis oppdrift kan forklarast til borna, kan ein bruke det i møte med borna sine refleksjonar rundt forsøka.

Vidare skulle studentane laga eit aktivitetsopplegg der temaet var flyting og søkking. I opplegget skulle studentane fokuserer på eitt eller to av omgrepa flyting, søkking, kraft, tettleik eller oppdrift då dei prøvde ut aktivitetane saman med borna. Ut i frå dette var målet at borna skulle læra noko innan temaet, og det ein ynskte dei skulle læra, var omgrepa og kva og kvifor noko skjedde.
Korleis reflektere borna rundt forsøk med flyting og søkking, kraft, tettleik og oppdrift?

Mange studentar arbeidde med omgrepa flyting og søkking. Ein student spør ei gruppe born om kva flyting er, då får ho til svar at

”det som flyter ligger på toppen”,

Vidare spør ho kva søkking er, og svaret:

”det som synker drukner”,

og han viser med hendene sine att det fell ned mot botnen. Dette er gode forklaringar på omgrepa flyting og søkking, og ein kan bruke dei overfor born i andre samanhenger. Andre resultat på desse omgrepa viser at dei større borna veit kva flyting og søkking betyr. Når det gjeld mindre born, så kan ein ikkje forvente forklaringar slik som dei overfor, men forsøka engasjerer. ”Flyt” sa ein toåring og heiv tinga oppe i karet med vatn, og dei heiv gjerne fleire ting på ein gong.

Når det kjem til kvifor gjenstandar, i dette tilfellet isoporkuler, flyt, så kan ein få spennande forklaringar:

Entusiastisk kommer det fra Petter: ”fordi de er sterke nok”.

Her har Petter skjønt at dette med flyting og søkking har noko med styrke å gjera. Kanskje kjem det i frå at han har erfart at det er tungt å halda seg flytande ved å symja, og at isoporkuler er sterke som klarer å flyta. Vidare så seier Petter steinen søkke fordi den ikkje er tung nok. Han gjer inntrykk av å vera i ein tankegong der det som er sterkt flyte og det som er ikkje er tungt nok, søkke, altså motsatt av det som er den faglege forklaringa på fenomenet. Han har fått ein begynnande forståing, men har ikkje fått alle omgrepa heilt på plass enno.

Litt lenger ute i samtalen ynskjer studenten å visa at ein kan få ei potet til å flyta ved å tilsetta salt. Borna får først kjenna på poteta, og dei seier den er hard og tung. Då ho spør borna om poteta kjem til å flyta, seier dei at ho er alt for tung. Dette viser at dei andre borna som er med i forsøket ikkje er av same oppfatning som Petter. Dei har ei auka forståing for at gjenstandar som er tunge ikkje flyt.

Borna skulle på førehand seia om gjenstandane kom til å flyta eller søkka. Ein student fanga opp ein diskusjon om kva som kom til å skje med ei plastprinsesse i vatn:

”Klart den flyter, det har jo de andre gjort. -Nææi, den er for tung. Tunge ting synker jo. – Mennesker flyter jo, og prinsesser kan jo ikke synke.

Prinsessa sokk sakte, og det kom luftbobler ut. Då sa ein:

Hun druknet! Kanskje hun måtte fått redningsvest?

Her har barnet reglar for kva som skjer, tunge ting søkk, og prinsesser kan ikkje søkke. Her viser borna sin erfaringsbakgrunn. Når ting likevel ikkje oppfører seg slik som det eine barnet forventa, har eit anna barn ei løysing på det.

Studentane kjem inn på omgrepet tettleik når dei ynskjer at borna skal forklare kvifor noko flyt eller ikkje. Ei plastskei flyt, og forklaringa er:

”For di har masse luft i seg.

Borna erfarer at plastskeiene kan både flyte og søkke, men ei stålskei søkk heile tida. Ei løysing blir å legga ho varsamt på vatnet, men det hjelpte ikkje.

”Den va visst for tung.”

blei konklusjonen frå eit av barna, men:

”Treklossen flyte, for den og har masse luft i seg.”

Dette med luft i gjenstandane viser å vera ei funksjonell forklaring for borna for kvifor noko flyt og noko ikkje flyt.

Oppdrift er ei kraft og desse omgrepa som er knytt til oppdrift, må handsamast i samanheng. Ved å jobba med desse omgrepa, er ein tett opp til Arkimedes lov. Borna får pressa ein oppblåst ballong ned i vatn, og dei erfarar at vatnet stig. Om dei ser samanhengen til at ballongen og hendene deira tar plass, er usikkert. Fleire born opplevar at det er tungt å pressa ballongen under vatn, og dei snakkar om at dei må bruka musklane sine. Stor stas er det når borna erfarar at ballongen sprett opp i frå vatnet når dei slepp den. Ein student klarar å trekke samanhengen om at sidan borna må bruka musklane sine for å halda ballongen under vatn, så er det kraft frå vatnet. Dette var borna einige i.

Kva hugsa borna frå eksperimenta i etterkant?

Studentane hadde ein samtale med borna ei stund etter eksperimenta var gjennomført for å sjå om borna hugsa noko i frå aktivitetane.

I samtalen stilte studentane spørsmål og viste bilete for å hjelpa borna i gong. Tidspunktet varierte frå ei til tre veker etter opplegget var gjennomført.