forskerfrø.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
    Kontakt oss: forskerfro@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
    Personvernerklæring
    Tilgjengelegheitserklæring
Modul 4: La elevane samarbeide i utforskande og skapande aktivitetar
Spørsmålet vi utforskar i denne modulen: Korleis kan samarbeid i utforskande og skapande aktivitetar føre til inkludering?
Tidsbruk og gjennomføring
- Del 1: Samarbeid: Lærarkollegium + PP-rådgivar. 1 time og 40 min
 - Del 2: Utprøving med eigne elevar
 - Del 3: Erfaringsdeling: Lærarkollegium + PP-rådgivar. 1 time og 10 min
 
Førebuingar til del 1: Samarbeid
- Gjer deg kjend med presentasjonen (ark 1–24): GoogleDocs | PowerPoint
 - Skriv ut til kvar deltakar:
- Skjemaet Kjennetegn på inkludering (eller gjenbruk frå førre gang)
 
 - Skriv ut til grupper på tre:
 - Klipp ut bileta i det eine atlaset til kvar gruppe.
 - Finn fram noko som kan brukast til brikker til dialogspelet.
 - Finn fram penn og papir til skriveaktiviteten.
 
Gjennomføring del 1: Samarbeid
- Gjennomgåande: Les opp tekst på arka i presentasjonen, og følg rettleining og tidsanvisningar undervegs
 - NB! Bruk lysbildeframvising av presentasjonen slik at innhaldet blir presentert på riktig måte.
 - Ark 7: Del ut dialogspel, brikker og påstandar til kvar gruppe.
 - Ark 12: Del ut eit sett med utklipte bilete av småryp og eit småkrypatlas (der bileta ikkje er utklipte) til kvar gruppe.
 - Ark 13: Del ut A4-ark og penn til kvar gruppe.
 - Ark 24: Del ut skjemaet Kjennetegn på inkludering og omtale av aktivitetane til kvar deltakar.
 
Gjennomføring del 2: Utprøving
- Sjå ark 24 i presentasjonen.
 
Førebuingar til del 3: Erfaringsdeling
- Gjer deg kjend med presentasjonen (ark 27–40).
 
Lykke til!