Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Korleis komme i gang med planteprosjekt heime eller i barnehagar?

Dagane er blitt lysare og lufta er blitt varmare. Ute syng fuglane for full hals. Dei fyrste blomane har funne vegen frå vinterdvalen og byr på nektar til insekta som prøver seg på den fyrste flyturen i år. Det er vår, og tid for nytt liv. Og me kan vera med på å legge til rette for det. 

SpirePixabay

 

I vår eigen barnehage, på vår eigen kjøkkenbenk, eller i vindaugskarmen kan me starte på det som me kan hauste som mat når dagane igjen blir litt kaldare og litt mørkare. Her kjem nokre tips for å komme i gang.

Planlegg:  

Kva skal føremålet med planteprosjektet vera? For eksempel mat, blomar, bievennlege blomar? Er det nokre vekster eller prosessar barna er spesielt interessert i? Når startar prosjektet? Med hausting av frø på sommar/haust, eller på våren?

Blomkarse Blomkarse

Lag ei liste over kva planter de vil så. Sorter dei gjerne, for eksempel om nokre av dei må forkultiverast (dvs verta sådd inne), eller om frøa kan direkte i jorda ute. Mars og april er ypperleg for forkultivering. Hugs at alle frø ikkje spirer, så det kan vera lurt å sette to og to frø i ei potte, eller mange frø på eit brett og heller ta bort den eller dei minste plantene etter kvart.  

Ikkje alt treng å vekse frå frø, poteter og lauk kan vera artige å plante. Lauken vert berre større, men potetene blir mange!   

Om barna skal vera med å så, er storleik på frøet noko å tenke på, særleg med dei yngste barna. 

Eksempel på planter med store frø: 

Mais, Bønner, Erter, Squash, Agurk, Ringblom, Blomkarse 

Kor vil du ha plantene dine? Inne eller ute? Paprika og agurk kan vera fine planter å ha inne, sjølv over sommaren. Karse får plass i for eksempel eit tomt eggeskall. Squash treng stor boltreplass ute.

Dyrk: 

Det spirer! Foto Guri Langholm Det spirer! Foto Guri Langholm Så i det du har. Tomme druebeger er perfekte drivhus, men tomme mjølkekartongar og yoghurtbeger er og fine å så i. Du treng litt jord, helst ei som ikkje er for næringsrik. Bruk ein liten blyant til å stikke eit hol ned i jorda, legg frøa i, og dekk med jord. Hald jorda fuktig, men ikkje våt. Plasser dei ein ganske lun og varm stad med mykje lys. Det gror! Foto: Guri Langholm Det gror! Foto: Guri Langholm Etter nokre dagar dukkar dei fyrste grøne småplantene opp! Magisk! Ulike frø treng ulik tid på å spire, så ikkje gi opp om dei ikkje dukkar opp med ein gong. Etter spiringa må du passe på at dei får nok lys, men dei treng no ikkje så mykje varme. Når plantene veks seg større kan du flytte dei over til større potter om dei treng meir plass.

Pass på:  

Pass på at du ikkje dyrkar artar som kan utgjer ein trussel mot norsk natur om dei forviller seg. Artar som utgjer ein trussel mot norsk natur finn du i vedlegget. Planter som skal plantast i barnehagen kan ikkje vera allergene eller giftige.

 

Hausten kjem. Foto: Unni Vik Hausten kjem. Foto: Unni Vik

 

 

Her er nokre bilete frå prosessen der barna er med:

Foto: Asbjørn M. Hov

  • Såfrø Plastbeger
  • Såfrø paprikafrø
  • Såfrø ha i jord
  • Såfrø frø sås
  • Såfrø frø i jord
  • Såfrø dekke til med jord
 

 

 

 

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Generelt:

  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever og utforsker naturen og naturens mangfold
  • opplever, utforsker og eksperimenterer med naturfenomener og fysiske lover
  • får kjennskap til naturen og bærekraftig utvikling, lærer av naturen og utvikler respekt og begynnende forståelse for hvordan de kan ta vare på naturen

Personalet skal:

  • legge til rette for mangfoldige naturopplevelser og bruke naturen som arena for lek, undring, utforsking og læring
  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen
  • utforske og eksperimentere med teknologi og naturfenomener sammen med barna

 

 

Materialer og utstyr

  • Tomme druebeger, mjølkekartongar eller yoghurtbeger
  • Jord: helst ei som ikkje er for næringsrik
  • Ein liten blyant
  • Frø
  • Vann