forskerfrø.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
    Kontakt oss: forskerfro@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
    Personvernerklæring
    Tilgjengelegheitserklæring
Frøinnsamling til blomstereng
Seinsommaren og hausten er ei fin tid for å samle frø for å lage eiga blomstereng i barnehagen.
Å samla frø er gøy!
Frøa skal samlast når plantene er avblomstra og står i frukt. Inne i fruktene finst frøa. Frøa og fruktene varierer veldig i storleik. Store frø kan vera fint å handtere for små barn, medan små frø kan lettare handterast av store barn. Ulike planter blømer til ulik tid, så dette kan vera ein fin aktivitet å gjer fleire gonger gjennom av sommaren og hausten for å få eit mangfald av planter som blømer til ulik tid. Frøa som er samla lagrar de tørt gjennom vinteren slik at dei er klare til å bli sådd neste vår.
- Finn eit område med blomar du ynskjer deg til eiga blomstereng.
 - Finn fruktene til planta. Ser du frøa? Korleis ser dei ut?
 - Klipp eller brekk av fruktene og samle dei i ei bøtte eller ein pose som du tar med tilbake til barnehagen.
 - Legg fruktene med frø i til tørk på eit laken eller i eit putevar.
 - Ta frøa ut av fruktene.
 - Sorter frøa i kaffifilter, skriv på artsnamn og lagre ein tørr stad til våren.
 
Tips til planter.
Raud jonsokblom: Mange små, brunsvarte frø i ein kapsel.
Tiriltunge: Brunsvarte frø i ein mørkebrunbelg som sprekk opp.
Fuglevikke: Brunsvarte frø i ein belg som sprekk opp.
Blåklokke: Mange små frø i ein kapsel med hol. Frøa kan ristast ut av hola.
Skogstorkenebb: Fem frø i ein sprekkapsel. Frøa slynges ut når kapselen sprekk opp.
Ryllik: Bittesmå avlange frø i fruktene.
Markjordbær: Runde smånøtter som sit utanpå jordbæret.
Frø frå andre planter som ikkje skal inngå i ei blomstereng kan samlast på same måte.
Unngå å samle frø frå framande artar med høgt invasjonspotensial i norsk natur.
Den norske framandartslista finn du her
Sjå bilete frå frøinnsamling i ein barnehage
Rammeplanen
Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna
- opplever og utforsker naturen og naturens mangfold
 - får gode opplevelser med friluftsliv året rundt
 - får kjennskap til naturen og bærekraftig utvikling, lærer av naturen og utvikler respekt og begynnende forståelse for hvordan de kan ta vare på naturen
 
Personalet skal
- legge til rette for mangfoldige naturopplevelser og bruke naturen som arena for lek, undring, utforsking og læring
 
Nyttige tips og litteratur
Vi tilrår følgjande bok:
Svalheim, E.J. (red). Frøboka. Handbok for innsamling av lokale frø til insektsvennlig blomstereng. Fagbokforlaget 2021.
Materialer og utstyr
- Saks
 - Bøtte eller pose til frukt med frø
 - Laken eller putevar
 - Kaffifilter
 - Blyant
 





