forskerfrø.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
    Kontakt oss: forskerfro@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
    Personvernerklæring
    Tilgjengelegheitserklæring
          
             Diskusjonsoppgave
        
      
            Passer for
      - fysikk 1
 
Raskast til golvet
To identiske fjørbelasta dartpistoler blir fyrt av samtidig rett nedover. Den eine fyrer av ei vanleg dartpil og den andre ei dartpil med ekstra last.
Kva for dartpil treffer golvet først?
a) Den vanlege dartpila
b) Dartpila med ekstra last
Faglig forklaring
Svar: a) Den vanlege dartpila
Fjørene i begge pistolane påverkar pilene med same kraft, men den vanlege dartpila har mindre treg masse og får derfor større akselerasjon i pistolen. Derfor forlèt ho også pistolen med større fart og vinn konkurransen.