forskerfrø.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
    Kontakt oss: forskerfro@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
    Personvernerklæring
    Tilgjengelegheitserklæring
          
             Diskusjonsoppgave
        
      
            Passer for
      - fysikk 1
 
Tautrekking
Arnold Sterkmann og Susi Liten trekkjer i kvar si ende av tauet i ein konkurranse i tautrekking. Kven trekkjer med størst kraft i tauet?
a) Arnold
b) Susi
c) Begge med same kraft
Faglig forklaring
Svar: c) Begge med same kraft
Arnold kan ikkje trekkje kraftigare i tauet enn Susi. Krafta i tauet er den same overalt langs tauet, også i endane. Akkurat som eit hjul på isen ikkje kan verke med ei større kraft på isen enn isen verkar på hjulet med, eller akkurat som vi ikkje kan slå til ein tom papirpose med ei større kraft enn den krafta som papirposen verkar på den som slår. Arnold bruker ikkje større kraft i si ende av tauet enn det Susi bruker i enden sin.