Forsøk og praktisk arbeid

Skattekiste frå naturen

La barna lage si eiga skattekiste. Fyll ho med ting frå naturen. Det er enkelt å gjere og er ein aktivitet som kan fortsette gjennom heile året.

Skattekiste

La barna lage kvar sin eiga skattekiste frå naturen! Det dei etter kvart fyller skattekista med skal dei samtale om, undersøke, lære om og fantasere rundt. Barna kan også bruke skattane til å leike med og lage ting av. Gjer øvinga i nærområdet til barnehagen. Denne aktiviteten stimulerer nysgjerrigheit, sansane og fantasien, samtidig som barna får laga ei skattekiste som dei kan ta vare på og ha med heim. 

DEKORER SKATTEKISTA

Be barna om å ta med ein tom isboks og ei tom fyrstikkeske heimafrå. La barna dekorere isboksen og fyrstikkeska slik at dei får ei stor og ei lita skattekiste. Fyrstikkeska er fin å ha små ting i og kan bli oppbevart i isboksen. Barna kan for eksempel lime papir på lokket og rundt og teikne/male på ho. Dei kan lime på forskjellige pynteting på sidene. Ver kreative og la barna bruke litt tid på dette. Alle barna bør få namnet sitt på boksen. Kanskje dei også kan lime på eit bilde av seg sjølv? Det er eit poeng at barna skal føle eigarskap og at det er noko spesielt og «magisk» ved boksen.

BRUK NÆRMILJØET

Gå ein tur i nærområdet. La barna finne fine ting frå naturen som dei kan ha i skattekista si. Det kan vere kongler, steinar, frø, nøtter, skjel og liknande. Dei minste tinga barna finn kan dei legge i fyrstikkeska. Dersom barnehagen har eit digitalt kamera, kan barna ta bilde av ting i naturen og skrive det ut til å ha i skattekista sin. Sporteikn frå dyr er eit eksempel på ting som ikkje er så lette å samle, men som er spennande å lære og snakke om seinare. Hjelp barna til å skilje ting som kan bli oppbevart direkte i skattekista og kva som er «ferskvare». Tips: Om hausten er det flott å samle blad. Det er også fortsatt blomstrar som dei kan samle inn. Desse bør barna få presse eller henge til tørk same dag som dei er samla.

STUDER SKATTANE SAMAN

Bruk tid på å sjå på tinga barna har funne. Dette kan de gjere på mange måtar: Prøv saman med barna å finne ut kva dei forskjellige tinga er. Her kan de la barna prøve å kome på namnet først. Bruk gjerne bestemmingsbøker eller internett saman med barna. Frø, planter, dyrespor som de ikkje veit kva er, kan de ta bilde av og sende til «Spør ein biolog». Det er sikkert ting de ikkje finn namnet på. Ikkje la det vere eit nederlag, men la det likevel vere ein spesiell ting i skattekista. Kanskje barnet har lyst til å finne eit eige namn på tingen, for eksempel «kvitsteinen», «tynnbarken» eller liknande.

La barna sitte i små grupper og vise for kvarandre. La de fortelje sjølve kvifor dei valde den og den tingen. Var det fordi han var fin, ekkel, rar, god å ta på osv. Her bør de oppfordre barna til å bruke sansane sine. Be dei lukte på og kjenne på med lukka auge i tillegg til å beskrive det dei ser.

KIMS LEIK

La barna leike Kims leik: Legg tinga frå skattekista på eit bord / på golvet og la dei andre barna få sjå på tinga i ca. 30 sekund. Dekk over tinga med eit teppe / eit handkle / eit papir. Alle i gruppa skal forsøke å hugse så mange av tinga som mogleg. Dette kan de gjere f.eks. ved at barna teiknar tinga. Alternativt kan de gjere det slik at barna snur seg rundt etter å ha sett på tinga i 30 sekund. Mens barna ser bort, kan de fjerne ein ting og sjå kven som først hugsar kva som manglar. La barna lage ei historie om ein av tinga. Dei kan teikne, fortelje eller skrive ned historia.

VIDARE ARBEID

La barna fortsette å fylle skattekista si med ting frå naturen. Utover vinteren kan barna ta bilde eller teikne ting frå naturen. La skattekista stå på plassen til barna og la dei føle at dei har noko spesielt som bare dei eig.

Praktiske tips

Tips: Dersom barna finn fine blomstrar/blad/sopp, så må de tørke eller presse dette for å ta vare på det. Tørking av sopp/bær: Legg soppen utover eit papir i solskin eller træ han på ein tråd som du heng opp på ei tørr og luftig stad. Pass på at all væske er ute før dei blir lagde i skattekista, elles kan dei begynne å mugne.

  

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Generelt:

  • Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringer med naturen som fremmer evnen til å orientere seg og oppholde seg i naturen til ulike årstider.
  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan få et mangfold av naturopplevelser og få oppleve naturen som arena for lek og læring.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever og utforsker naturen og naturens mangfold
  • får gode opplevelser med friluftsliv året rundt
  • får kjennskap til naturen og bærekraftig utvikling, lærer av naturen og utvikler respekt og begynnende forståelse for hvordan de kan ta vare på naturen

Personalet skal:

  • legge til rette for mangfoldige naturopplevelser og bruke naturen som arena for lek, undring, utforsking og læring
  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd