Forsøk og praktisk arbeid

Driving av kvist

Tidleg på våren kan vi ta inn kvistar frå ulike lauvtre og drive dei fram slik at vi kan sjå knoppane breste og blad kjem fram.

Kvist

Driving av kvister vil seie å ta inn kvistar av lauvtre tidleg på våren slik at lauvet sprett tidlegare enn det ville gjort ute. Her kan vi sjå om vi kan bestemme treslaget ut frå knoppane før dei spring ut, og vi kan sjå på prosessen frå knoppar til blad og blomstrar.

Observer kva som skjer med kvistane. Bruk helst kniv til å kutte kvistane med og sett dei raskt i vatn.

Følg med kva som skjer med knoppane. Bruk gjerne lupe til å studere knoppar og bladskot. Er det blad eller blomstrar som kjem ut først?

  • Prøv å bestemme kva slags kvistar de har.
  • Kva for art spring først ut?
  • Har kvistane blomstrar og korleis ser dei ut?
  • Kva skjer dersom nokre blir sette i vatn på ein lys stad og andre på ein mørk stad? Kald stad og varm stad?
  • Kva skjer om nokre blir sette i isvatn, kokande vatn eller utan vatn?
  • Ta inn kvistar frå same tre kvar 14. dag frå november til april, og sjå når dei spirer.

Mange kvistar treng ein kuldeperiode for å spire. Derfor er det ikkje mogleg å drive kvistar rett etter at haustlauvet har falle.

Frukttrea blir skorne tidleg på våren, og kvistane er da fine å sette inn til driving. Dei blomstrar ofte på bar kvist. Forsythia, kornell, spirea og gyvel er andre hageplanter som blomstrar tidleg og er godt eigna til driving.

Til fastelavn er det tradisjon å plukke inn bjørkekvistar og pynte med farga papir eller fjær.

Dersom de tar inn bjørk, ver oppmerksam på at nokon kan vere allergiske for pollen frå bjørk og andre lauvtre Det er derfor lurt å plukke av raklane og skylje kvistane i vatn for å hindre allergi. Selje er delt i hann- og hoplanter. Dersom vi plukkar inn hoselje-kvistar, får vi dei sølvfarga og myke knoppane – og unngår pollen som blir produsert av hannplanter. Å skylje kvistene fjernar også ein del soppsporar.  

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan få et mangfold av naturopplevelser og få oppleve naturen som arena for lek og læring
  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever og utforsker naturen og naturens mangfold

Personalet skal:

  • legge til rette for mangfoldige naturopplevelser og bruke naturen som arena for lek, undring, utforsking og læring
  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen 
  • utforske og eksperimentere med teknologi og naturfenomener sammen med barna

 

Materialer og utstyr

  • kvistar frå ulike lauvtre
  • skarp kniv
  • behaldarar med vatn

Kan utføres i sammenheng med