Forsøk og praktisk arbeid

Jakta på størst eller minst, kortast eller lengst

I denne aktiviteten utforskar vi naturen samtidig som barna får trening i å bruke matematiske omgrep.

Størst og minst

Aktiviteten passar fint på ein turdag i skogen. Gi barna i oppgåve å finne gjenstandar som er størst, minst, kortast og lengst.

Kven kan finne det største eller minste bladet, kongla, insektet, steinen eller soppen? Moglegheitene er mange. Kven kan finne den lengste eller kortaste pinnen, blomsten eller treet?

Diskuter også om noko er like stort eller større, like langt eller lengre. Lag ei utstilling over det de finn på ein stein eller ein annan eigna stad. Kan de sortere etter størrelse? Kan de måle ved hjelp av fingrane og hendene? Pinnar kan også brukast som målereidskap. Eller kanskje de vil bruke tråd eller måleband? De kan leike med andre viktige omgrep også som høg og låg, tynn og tjukk, lett og tung.

Tilbake i barnehagen kan barna teikne noko av det dei fann på turen.

Aktiviteten kan gjerast under ein turdag utan spesielle førebuingar, men han kan også spreiast over fleire dagar kor de har fokus på ulike omgrep kvar gong.

Aktiviteten passar best vår eller haust. Men han kan også gjerast om vinteren, men da er det kanskje ikkje så mange insekt. Derimot kan vi da ha for eksempel istappar eller snøballar.

Størst og minst 2

Visste du at ...

... forskarar jobbar på same måte når dei skal beskrive ei heilt nyoppdaga plante. Dei må finne ut kva for planter som er større og mindre enn denne. Om ho er lang eller kort og om blada er tjukke eller tynne.

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever og utforsker naturen og naturens mangfold

Personalet skal:

  • legge til rette for mangfoldige naturopplevelser og bruke naturen som arena for lek, undring, utforsking og læring
  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd

Kapittel 9 barnehagens fagområder – Antall, rom og form

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • oppdager og undrer seg over matematiske sammenhenger
  • erfarer størrelser i sine omgivelser og sammenligner disse
  • undersøker og gjenkjenner egenskaper ved former og sorterer dem på forskjellige måter

Personalet skal:

  • legge til rette for matematiske erfaringer gjennom å berike barnas lek og hverdag med matematiske ideer og utdypende samtaler

 

Materialer og utstyr

  • steinar, kongler, pinnar, blad eller anna frå naturen
  • måleband