Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kva skjer med tonane ved hard klimpring?

9.1 Kva skjer med tonane ved hard klimpring NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

La elevane undersøke ein gitar eller ein fiolin. Eventuelt kan du feste strikkar av ulik tjukkleik over ein boks som forsterkar lyden. La elevane klimpre på dei ulike strengane og på ulike måtar. Spør: Korleis endra lyden seg? I tillegg til kor sterk lyden er, på kva for andre måtar kan vi skildre ein lyd? Korleis kan de måle dette? 

Spør: Kva vil de råde ein musikar til å gjere for å få ein sterk tone til å vare veldig kort? Vil det vere det same med alle instrument? 

Lyd er vibrasjon som flyttar seg gjennom luft eller eit anna medium. Vi registrerer lyden når han får trommehinna vår til å vibrere. Jo større vibrasjon, jo større er utslaget på lydbølga og jo sterkare blir lyden. For å få ein gitarstreng til å vibrere meir må du klimpre hardare. Dette er lettare å gjere på midten av strengen enn i enden. Å klimpre hardare endrar ikkje kor lys tonen er. Å klimpre hardare overfører meir energi til strengen, slik at tonen blir sterkare og varar lenger. For å få ein sterkare lyd i eit blåseintrument, som saksofon, eller eit slaginstrument, som cymbalar, må du overføre meir energi ved å blåse eller slå hardare. Det er ikkje alltid lett å vite kor sterk ein lyd er fordi det menneskelege øyret er meir sensitivt til tonar i midtsjiktet, heller enn veldig mørke eller lyse tonar. 

Materialer og utstyr

gitar eller fiolin
strikk av ulike tjukkleik
pappeske