Hopp til hovedinnhold

Korleis barn brukar utstyr på tur

Det å ha med seg litt utstyr på tur kan vere med på å utvide aktivitetar, gjere aktivitetane meir interessante og fremje nyfikne. Her skriv vi litt om aktuelt utstyr som barna gjerne kan lære å bruke ute. 

  UtstyrSamleStudere

Å introdusere litt utstyr kan vere med på å utvide aktivitetar og gjere barna si utforsking rikare. Du har moglegheit til å tilfredsstille barna si nyfikne der og da, og du har noko å spele på i dei situasjonane der verken du eller barna veit kva de har komme over. Da kan både nokre bøker/plansjar, ein app og noko å samle i, vere ein god hjelp i undersøkinga. I kapittel 8 om arbeidsmåtar i rammeplanen er det framheva fleire punkt rundt dette:

Personalet skal utvide og bygge videre på barnas interesser og gi barna varierte erfaringer og opplevelser. Barnehagen skal legge til rette for progresjon gjennom valg av pedagogisk innhold, arbeidsmåter, leker, materialer og utforming av fysisk miljø.

Personalet skal

    • oppdage, følge opp og utvide det barna allerede er opptatt av
    • introdusere nye perspektiver og tilrettelegge for nye opplevelser og erfaringer
    • sørge for progresjon gjennom bevisst bruk av materialer, bøker, leker, verktøy og utstyr og gjøre disse tilgjengelig for barna.
    • inkludere nærmiljø og lokale forhold ved planlegging og gjennomføring av aktiviteter

Rammeplanen 2017

Å ha med utstyr kan gjere møtet mellom naturen og barna og dei ansatte rikare. Godt utstyr på tur kan både fremje samtalar og gjere dei rikare. Artiklane Den gode, vedvarende samtalen og Utforskende samtaler i barnehagen beskriv ein del viktige didaktiske val i møtet mellom barn og den tilsette i barnehagen.

Det trengst ikkje mykje dyrt utstyr på tur eller i aktivitetar inne og ute. Ofte klarar ein seg med det ein har i barnehagen. Her tar vi for oss litt utstyr i tre kategoriar: innsamling, undersøking og friluftsliv.  

Innsamling

Isboks med lokk er ypparleg til å samle noko i på tur. De kan sortere det de finn seinare inne i barnehagen. Har de tatt med nokre dyr, kan de plassere dei i eit terrarium. Skrukketroll er eksempel på eit lite, landlevande krepsdyr som er artig å bruke som terrariumdyr i barnehagen. Det er også fint å ha nokre brødposar med seg, slik at de enkelt kan ta dei fram og samle noko i dei.

Barna finn ofte insekt og andre smådyr på tur, og da kan det vere fint med pinsettar. Vi anbefaler å bruke insektpinsettar eller bladpinsettar for barn (sjå bilde under). Vanlege pinsettar er ganske stive og krev god finmotorikk og tilpassa kraft når ein tar tak i noko. Bladpinsettar er mjukare i bladet, og insekta blir ikkje klemte i stykker viss vi brukar mykje kraft. Når barna brukar pinsett, øver dei på finmotorikk på ein veldig fin måte. Barna blir også flinkare til å tilpasse kraft og får betre auge-hand-koordinasjon.

Ein isboks med lupe og bladpinsettar. Ein isboks med lupe og bladpinsettar.

Undersøking

Når vi skal undersøke det vi har funne, kan det vere fint å ha ei lupe og nokre plansjar eller feltbøker å slå opp i. Her får barna moglegheit til å samanlikne og undersøke kva dei har funne. Av luper anbefaler vi handheldt bordlupe (sjå bilde over) eller lupeboksar. Bordlupene har ein ring under som gjer at når du plasserer lupa over objektet er avstanden mellom linsa og objektet perfekt, og barna ser objektet skarpt. Lupeboksar er også kjempefine å samle dyr i, og samtidig kan ein sjå gjennom linsa ned i boksen for å studere dyra nærmare.

Friluftsliv

Vi anbefaler at de har med litt grunnleggande friluftsutstyr. Noko å sitte på, fyrstikker, kniv, øks og eventuelt ei sag for å lage eit bål. Førstehjelpsutstyr er ei sjølvfølge på tur. Dette utstyret er det ofte berre dei vaksne som brukar, men på storbarnsavdelingane går det an å lære barna å bruke kniv. Vi har skissert nokre råd om bruk av kniv i barnehagen.

Korleis barn kan bruke kniv

Å la barn bruke kniv i barnehagen er ganske unikt for nordiske barnehagar. Å la barn bruke kniv gjer at dei lærer om risiko for å skade seg, samtidig som dei får ein reiskap som er ei kjelde til kreativitet. Å gi knivar til barn utan opplæring ville vere galskap. Gjennom å innarbeide reglar og gi opplæring/instruksjon er det fullt mogleg for barna å lære å bruke kniv på ein god måte.

Reglar

Barna skal lære seg fem enkle reglar når dei brukar kniv:

  • Alltid sitte stille og roleg når du brukar kniv
  • Ha brei beinstilling
  • Aldri spikke mot andre
  • Alltid spikke frå deg
  • Ha god avstand til sidemannen
  • Sett kniven i slira før du reisar deg

Korleis lære barna å bruke kniv

  • Før barna lærer seg å bruke kniv, skal dei lære reglane.
  • Første gong barnet skal bruke kniv skal det sitte på fanget til den tilsette. La barnet halde emnet og kniven, mens du held under handa som er på emnet og på handa som har kniven. Vis barnet korleis ein spikkar (og spikkar frå seg) ved å føre handa som held kniven. Etter kvart lar du barnet prøve, mens du følger nøye med.
  • Når du ser at barnet beherskar knivbruken, lar du barnet sitte sjølv, men du sit ved sida av og følger med.
  • Etter kvart, når barna beherskar det motoriske ved spikkinga og kan reglane godt, kan barna sitte aleine og spikke.
  • Barna kan uansett vere uheldige og kutte seg. Plaster og førstehjelpsutstyr skal alltid vere med.

Kva slags kniv bør barn ha

Barna skal få ein skarp kniv. Sløve knivar glepp lettare, og ein må bruke mykje kraft for å spikke. Da aukar sjansen for å gleppe kniven og skjære seg eller andre. Ein skarp kniv gjer at dei brukar mindre kraft og er mykje lettare å kontrollere når dei spikkar på eit emne. Dersom uhellet først er ute, vil ein skarp kniv lage eit reinare kutt. Kniven skal ha fingerstopp og gjerne vere butt i enden. Barnespeiderkniven frå Brusletto er designa for ei lita hand, har butt ende og dobbel fingerstopp.