Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Kvar er insekta? På jakt med pinsett, isboks og lupe

Utstyrt med ein pinsett, ein isboks og ei lupe, er alt klart for ei spennande jakt etter insekt og andre smådyr ute på tur. Her er nokre tips til korleis du skal finne alle dei små dyra.

Isbokspinsettlupe2x1

Kvar er insekta?

Dei små dyra er heile tida redde for å bli etne. Derfor vil mange av dei gøyme seg om dagen og vere meir aktive om natta. For å finne dei som gøymer seg, må vi gjere følgande:

  • lette på steinar
  • lette på røter
  • sjå under bark
  • sjå på velta tre
  • sjå i stubbar

Barn treng berre å bli viste moglegheitene, så vil dei utforske på eiga hand. Ta med barnegruppa rundt i skogen og løft på steinar, kikk under bark eller på stamma på daude tre. Bruk pinsett eller insektsugar for å samle inn dyr som er under desse. Nokre gongar må du vere veldig rask, særleg dersom du vil ha tak i skolopendrar og løpebiller. Desse er raske. Lær barna å legge tilbake steinane og røtene på den plassen dei hadde, slik at det ikkje ser rotete ut etter at aktiviteten er ferdig.

Å utvide aktivitetane

Det som blir samla inn kan de studere når de kjem tilbake til barnehagen, eller ved turplassen ute i skogen. Nokre gongar kan det vere lurt å ha med eit lite terrarium som de kan legge nokre av dyra nedi. Litt jord, stein, nokre friske blad og nokre visne blad kan de legge oppi som skjul og mat. Barna kan følge med på kva som skjer i terrariet over tid. Når dei mistar interessa, kan barna bli med på å sette dyra tilbake i skogen.

 

Materialer og utstyr

  • pinsett
  • lupe
  • isboks