forskerfrø.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: forskerfro@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
Ver ein småkrypforfattar!
I denne aktiviteten skal elevane sjå etter kjenneteikn på ulike småkryp i eit atlas. Dei skal bruke kjenneteikna når dei saman skriv ei forteljing om småkryp.
Førebuing
Skriv ut to småkrypatlas til elevgrupper á tre (vurder kva for variant du vil bruke): bokmål (lite tekst) | bokmål (mer tekst) | nynorsk (lite tekst) | nynorsk (meir tekst)
Vurder om du vil klippe opp det eine atlaset til kvar gruppe (for at dei kan fysisk elimenere uaktuelle bilde etter kvart).
Vurder om du vil bruke PowerPoint-presentasjonen: bokmål | nynorsk
Gjennomføring
Oppdraget
Fortel elevane at dei skal vere småkryp-forfattarar! Dei skal saman lage forteljingar som kan hjelpe andre å bli betre kjende med nokre småkryp. Sei at de da først må finne ut litt meir om desse småkrypa.
La elevane tenke kvar for seg på kva dei tenker på når dei høyrer ordet småkryp. Sei at dei ikkje treng å fortelje nokon kva dei tenkte på.
Gjett kva eg tenker på!
Del elevane i grupper på tre. Kvar gruppe får to småkrypatlas (der eventuelt det eine er klipt opp). Ein i gruppa skal velje seg eit småkryp frå atlaset. Dei andre brukar det dei observerer på bilda til å stille ja/nei-spørsmål for å finne ut kva for eit det er (det er ikkje lov å gjette på sjølve namnet til småkrypet). For eksempel: Har småkrypet seks bein? Dersom du har klipt opp bilde, kan dei undervegs legge vekk dei bilda som ikkje er aktuelle, heilt til det berre er eit bilde att – det riktige!
Etter at elevane har hatt nokre gjetterunder, oppsummerer du ved å seie: Det som fortel oss noko om kva for småkryp det er, kallar vi kjenneteikn, for eksempel «har seks bein» eller «er gullfarga».
Samarbeidsskriving
Sei at gruppene nå skal skrive ei fortejling saman, ved å sende eit ark rundt frå gruppe til gruppe. Kvar gruppe startar på ei forteljing om eit vald småkryp. Be dei bli einige om to-tre kjenneteikn som dei tar med i forteljinga (dei kan bruke informasjon frå både bilda og teksten på arket). Den som sist hadde bursdag, skriv. Dei andre foreslår innhald. Når tida er ute, skal dei skrive «Så møtte den …», og sende forteljinga vidare til neste gruppe.
Neste gruppe les det som er skrive, og fortset forteljinga med sitt småkryp (med to-tre kjenneteikn). Den som hadde bursdag nest sist, skriv denne gangen.
Du vel kor lang forteljinga skal vere og når det da er siste gruppe som skriv. Gi beskjed om at dei nå må avslutte forteljinga.
La to og to grupper gå saman og lese heile forteljinga for kvarandre.
Spør til slutt om nokon har lyst til å lese opp fortelinga si i plenum eller la deg lese.
Lytt og gjenfortel!
Be elevane tenke på noko dei likte eller lærte av småkryp-opplegget (ca. eit minutt). La dei samarbeide i par der den som sist hadde bursdag fortel det han tenkte på. Den andre skal berre lytte. Deretter gjenfortel lyttaren det som blei sagt. Forteljaren kan korrigere ved behov. La elevane bytte roller. Spør til slutt om nokre lyttarar vil gjenfortelje i plenum.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
7. trinn
- gjøre rede for hvordan organismer kan deles inn i hovedgrupper, og gi eksempler på ulike organismers særtrekk (KM778)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
- Å kunne skrive (GF2)