Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Dansande rosiner

I denne aktiviteten kan barna utforske kva som skjer med rosiner i kolsyrehaldig vatn. De kan koble aktiviteten til kva som flyt og søkk, og til observasjonar om forskjellen mellom vatn med og utan kolsyre (CO2).

Rosiner i farris og vann

Hell litt væske av flaskene og putt deretter nokre rosiner i kvar flaske. Start gjerne med flaska utan kolsyre. Alternativt kan de helle vatn med og utan kolsyre forsiktig opp i kvart sitt store glas. Putt så nokre rosiner i kvart glas. Studer nøye kva som skjer.

Dei kan sjølve utforske kva som skjer når dei held flaska på ulike måtar eller ristar ho. Kva skjedde i dei forskjellige flaskene? Har barna nokre forklaringar på det som skjer?

 

 

Fagleg forklaring

Bobler av CO2 legg seg rundt rosinene, og etter kvart blir det så mange CO2-bobler at dei løftar rosinene opp. I vassoverflaten sprekk boblene og rosinene søkk ned igjen. Rosinene vil derfor flyte opp og ned av seg sjølve i flaska heilt til det ikkje er meir kolsyre igjen.

Kommentarar og spørsmål frå barn

I denne aktiviteten kjem det mange undrande spørsmål rundt det barna observerer. Kvifor skjer det noko i den eine flaska og ikkje noko i den andre? Kva er grunnen? Oppfordr gjerne barna til å finne forklaringar.

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Barnehagen skal legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever, utforsker og eksperimenterer med naturfenomener og fysiske lover

Personalet skal:

  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen 
  • utforske og eksperimentere med teknologi og naturfenomener sammen med barna.

 

Materialer og utstyr

  • ei flaske (1,5 l) vatn utan kolsyre
  • ei flaske (1,5 l) kolsyrehaldig vatn
  • rosiner