forskerfrø.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: forskerfro@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Varme og uro
Med varm luft kan vi få ei uro til å bevege seg!
Når uroa står over ein omn, er det luftstraumen oppover frå den varme omnen som held uroa i bevegelse. Ei uro er ein varmekraftmaskin fordi ho lagar bevegelsesenergi av varmeenergi. Vi kan lage turbinuro eller spiraluro.
Turbinuroa
Turbinuroa er lett å lage og forholdsvis lett å få til å gå. Klipp til ein sirkel med diameter på f.eks. 15 cm. Sett eit merke på midten sånn at du kjenner balansepunktet. Klipp f.eks. 12 kutt frå kanten og halvvegs inn mot sentrum. Da blir det også 12 område, som vi brettar til venger eller skovlar ved å vri de omtrent 45 °, alle i same retning.
Vi må balansere uroa på ein spiss. Vi syntest det gikk best om vi stakk eit lite hol i papiret og teip det igjen på oversida. Da går spissen gjennom holet og stoppar opp mot teipen. Som spiss har vi bruka ei knappenål som stakk ut frå innsida av ei fyrstikkeske. Vi har også bruka spissen på ein kulepenn, eller ein skarpt spissa blyant. Blyanten og kulepennen teipa vi fast på ein radiator. Jo tynnare spissen er, dess mindre blir motstanden mot rotasjonen. Det går også an å henge uroa i ein sytråd, men da går ho berre rundt nokre få gongar fordi tråden tvinnar seg.
Utvidelse av aktiviteten:
Vi kan også sette eit elektrisk lys under uroa. Vil ho bevege seg da?
Fagleg forklaring
Spørsmål frå barn
Rammeplanen
Materialer og utstyr
- papir
- saks
- spiss nål eller blyant
- varmeomn eller liknande