Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Dyrk erter i vindauget

La barna følge med på spiring og vekst hos erter på ein spennande måte.

ertipose2

Spiring og vekst kan vi illustrere på ein enkel og fin måte i dette forsøket. 

Legg eit par gule tørka erter i ein gjennomsiktig plastpose saman med ein fuktig serviett. Lim posen fast til eit vindauge og følg med på kva som skjer.

Nokre frø treng ein kvileperiode der dei ofte tørkar inn og blir harde. Så kan frøet bli vekt til live igjen ved å legge det i kontakt med vatn. Inne i frøet ligg det eit lite embryo som kan bli til ei ny plante. Rundt embryoet ligg det mat (opplagsnæring) som den vesle planta kan ete av den første tida. Det er dette vi viser barna i denne aktiviteten. Snakk gjerne med barna om kva eit frø er, kva spiring er og korleis planter veks.  

To tørka gule erter i ein plastpose. To tørka gule erter i ein plastpose.

 

Etter ca. fire veker ser planta slik ut. Lageret av næring i frøet er nå bruka opp, og for at erta skal vekse vidare må ho bli sett i jord for å kunne ta opp meir næring gjennom røtene. Etter ca. fire veker ser planta slik ut. Lageret av næring i frøet er nå bruka opp, og for at erta skal vekse vidare må ho bli sett i jord for å kunne ta opp meir næring gjennom røtene.

Ved å sette planta i jord kan barna følge vidare med på korleis ho veks. Det kan også vere spennande å dele ei av ertene i to og undersøke korleis ho ser ut inni.

Dersom planta får vekse vidare i ei potte med jord, vil ho etter kvart produsere blomstrar og nye frøkapslar (erter) som kan bli dyrka opp. Barna får da erfaring med livssyklusen og leveviset til ei plante. 

 

Materialer og utstyr

  • blank plastpose med ziplås
  • to erter eller annan type frø
  • fuktig serviett/tørkepapir

Kan utføres i sammenheng med