Forsøk og praktisk arbeid

Lag ditt eige stjernebilde

I denne aktiviteten kan du lage ditt eige stjernebilde på stjernehimmelen.

Orion stjernebilde

Lag ditt eige stjernebilde på stjernehimmelen.

Bildet under er ein del av stjernehimmelen i området kor stjernebildet Orion ligg.

  • Skriv ut eit eksemplar av bildet (sjå vedlegg).
  • La barna sjå etter mønster som blir danna av stjernene.
  • Barna kan teikne sine eigne stjernebilde ved å teikne linjer mellom stjernene i mønstera som dei har oppdaga.
  • Barna kan fortelje kva stjernebildet førestiller og kanskje lage si eiga historie?

 

Lag-ditt-eget-stjernebilde

FORTELJINGA OM ORION OG PÅSKEHAREN

Ein gong Orion jakta i skogen trefte han ein liten fugl som hadde bygd reiret sitt på bakken. Fuglen får auge på Orion og ber forskrekka om at han ikkje må trakke på dei fine egga han har i reiret. Med ein hånleg latter spør Orion om ikkje fuglen veit kven han er, og når han ser reiret trakkar han på det med vilje og øydelegg alle egga. Fuglen kryp saman ved reiret og græt. Etter ei stund høyrer han ein vakker song. Det er vårgudinna Ostera som syng for blomstrar og fuglar. Ostera spør kvifor fuglen er så lei seg, og kvifor han ikkje kan bygge eit nytt reir. Men det tør ikkje fuglen så lenge Orion er i nærleiken. Eg skulle ønske eg var eit anna dyr, seier fuglen, eit dyr som kan springe like fort som eg kan fly! Eg kan skape deg om til ein hare, seier Ostera, og slik blei fuglen til ein hare. Haren er rask og smart og kan lure både hundar og jegerar. På stjernehimmelen ser du at haren ligg mellom beina til Orion, slik at han ikkje ser han.

Haren sprang og hadde det fint i skogen. Men neste vår, da Ostera kom på besøk, høyrde ho nokon som gret sårt. Det var haren. Ho spurde om han angra på at han var blitt ein hare. Det gjorde han ikkje, for det var moro å hoppe rundt, men han sakna slik å kunne legge egg. Ostera spurde om han ikkje kunne bygge seg eit reir og legge egg i det. Det gjorde haren og slik gjekk det til at påskeharen legg egg ein gong i året. 

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Generelt:

  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan få et mangfold av naturopplevelser og få oppleve naturen som arena for lek og læring.
  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever og utforsker naturen og naturens mangfold
  • opplever, utforsker og eksperimenterer med naturfenomener og fysiske lover
  • lager konstruksjoner av ulike materialer og utforsker muligheter som ligger i redskaper og teknologi 

Personalet skal:

  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen 

 

Materialer og utstyr

  • mønsterark med stjernebildet Orion (pdf)
  • fargestiftar