Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1

Er energi gratis?

Kva for kostnadar har energiutvinning?

 

3.7 Er energi gratis NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Spør: Kva meiner vi med gratis energi? La elevane gjere eit google-søk på «vindturbin», «vannturbin», «kjernekraftverk» og «biogass» for å finne ut kvar energien kjem frå og kva som skjer med han. Be dei fylle informasjonen dei finn inn i ein tabell. Spør: Kva betyr fornybar og ikkje-fornybar energi? Korleis heng desse saman med klimaendringar?

Be elevane lage ein oversikt over fordelar og ulempar med ulike måtar å produsere elektrisitet. Dei kan bruke nettstadar som Pracital Action for å finne ut korleis dei kan velje den beste varianten av fornybar energi. 

 

Å gjere energi tilgjengeleg slik at vi kan bruke han, vil alltid koste noko, også om vi brukar naturressursar. Vindturbinar er dyre å bygge og må vere solide for å tole vêret. Det er dyrt å bygge vassdammar for vasskraft, og desse må vere solide for å halde tilbake vatnet. Biogass krev lufttette tankar for å bryte ned avfallet. Også solcellepanel er dyre å installere. Alle desse naturressursane kan gi oss energi, men det kostar å produsere. Kjernekraftverk er veldig dyre å bygge slik at dei er sikre. Radioaktivt avfall er radioaktivt i tusenvis av år og krev god lagring. I nokre avsidesliggande område er fornybar energiproduksjon i småskala det einaste som er tilgjengeleg.

Nettressurser

(practicalaction.org)