Nyhet

Nå er Realfagsløyper her!

Realfagsløyper er ressursar som skal gi realfaga eit løft i skole og barnehage.

 

 

Realfagsløyper er eit tiltak for å nå måla i realfagsstrategien «Tett på realfag», som blei laga for å styrke arbeidet med realfaga i skole og barnehage.

Realfagsløyper består av fagstoff og ressursar for kompetanseutvikling i matematikk- og naturfagdidaktikk. Innhaldet er utvikla og kvalitetssikra av fagpersonar, og utprøvd og utvikla i tett samarbeid med tilsette i barnehage og lærarar i skolen. Strukturen i Realfagsløyper dannar eit godt utgangspunkt for samarbeid, og det er nettopp samspelet og samtalane mellom kollegaer som sikrar fagleg utvikling.

Naturfagsenteret og Matematikksenteret fekk i 2017 i oppdrag av Utdanningsdirektoratet å utvikle og drifte Realfagsløyper, som blei lansert våren 2018. I løpet av 2018 og 2019 vil tilbodet bli utvida med fleire pakker og modular. Forløparen til Realfagsløyper er Språkløyper, som blir utvikla av Lesesenteret og Skrivesenteret.
 
Utvikla etter anerkjent modell for læring
Realfagsløyper har ein fast struktur som steg for steg fører kollegiet gjennom ulike tema. Innanfor kvart tema er det fleire pakker som er tilpassa ulike nivå i barnehage og skole, og kvar pakke består av fleire modular. Alle modulane består av individuelt forarbeid, samarbeid og planlegging, utprøving med barn/elevar, og eit etterarbeid med evaluering og refleksjon. 

Lokale behov er viktigast
Realfagsløyper er bygde for å møte lokale behov for kompetanseutvikling: Det er den enkelte skole eller barnehage som bestemmer framdrift og kva tema dei jobbar med. Dette er i samsvar med den nye kompetansemodellen til Regjeringa (Meld.St.21: Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen), som legg til rette for at kommunar og fylkeskommunar skal drive kvalitetsutvikling ut frå eigne behov.

Forankring er ein suksessfaktor
Forankring i verksemda er ein føresetnad for å lykkast med Realfagsløyper, for opplegget krev ein god del tid og ressursar. Det betyr at leiar, og gjerne også eigar, involverer seg i arbeidet, og støttar og motiverer dei tilsette i utviklingsarbeidet. Leiarar kan styre arbeidet med Realfagsløyper ved å velje tema eller pakker, og korleis framdrifta skal vere.

Les meir om kva du som leiar bør gjere.

Dette er Realfagsløyper

  • Modulbasert kompetanseutvikling innanfor matematikk- og naturfagdidaktikk
  • Den enkelte skole/barnehage gjennomfører modular steg for steg
  • Fagstoff og didaktiske ressursar er forskingsbaserte, utprøvde og utvikla i tett samarbeid med praksisfeltet
  • Utvikla av Matematikksenteret og Naturfagsenteret på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet
  • Oppfyller måla i realfagsstrategien «Tett på realfag»
  • I tråd med den nye kompetansemodellen

Realfagsløyper for betre kompetanse i realfaga 
Realfagsstrategien «Tett på realfag» blei laga for å gi realfaga eit løft, først og fremst i skolen. Realfagsløyper er eit tiltak for å nå måla i strategien:

  • Kompetansen i realfag skal bli betre hos barn og unge.
  • Det skal bli færre barn og unge på lågt nivå i realfag.
  • Fleire barn og unge skal prestere på høgt og avansert nivå.
  • Kompetansen i realfag skal bli betre hos barnehagelærarar og lærarar.