Forsøk og praktisk arbeid

Eple modnar bananar

Er bananane grøne og ikkje heilt spiseklare? Har du anna frukt og bær heime som gjerne skulle vore litt meir modne? Her er eit lite forsøk som viser korleis du kan modne frukt raskare.

eple_banan

Har du lurt på korleis du kan modne grøne bananar fort? Her får du modningstips!

Legg ein grøn banan og eit eple i ein plastikkpose og knyt godt igjen. Du kan godt bruke pose med zip-lås.

Legg ein annan grøn banan i ein annan plastikkpose og knyt godt igjen. Plasser plastposane i romtemperatur og la det gå 2–5 dagar.

Studer posane etter 2–5 dagar. Samanlikn og beskriv dei to bananane. Kva for rolle kan eplet ha hatt?

Prøv å gå vidare med andre kombinasjonar av frukt og grønsaker. Avokado kan for eksempel bråmodnast ved å legge han med eit eple eller ei tomat i ein plastpose i romtemperatur.

Dersom du skal ha heil frukt til å halde lenge i eit fruktfat, kva for frukter vil du sette saman?

Fagleg forklaring

Bananen som ligg saman med eplet vil bli fortare modent. Årsaka er at eplet utviklar ein gass som heiter eten (også kalla etylen). Denne gassen verkar som eit aldringshormon i planter og får derfor modningsprosessar til å gå fortare.

Nokre typar frukt som eple og pærer skil ut store mengder eten under modninga. Frukt som responderer på eten kallar vi klimakterisk frukt. Eksempel på klimakterisk frukt er eple, banan, avokado, cherimoya, fiken, mango, oliven, fersken, pære, plomme, tomat og persimon. Desse fruktene kan modnast med eple.

Eksempel på ikkje-klimakterisk frukt er kirsebær, citrus, vindruer, ananas, jordbær og vassmelon.

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Generelt:

  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever og utforsker naturen og naturens mangfold
  • opplever, utforsker og eksperimenterer med naturfenomener og fysiske lover
  • får kjennskap til naturen og bærekraftig utvikling, lærer av naturen og utvikler respekt og begynnende forståelse for hvordan de kan ta vare på naturen

Personalet skal:

  • legge til rette for mangfoldige naturopplevelser og bruke naturen som arena for lek, undring, utforsking og læring
  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen
  • utforske og eksperimentere med teknologi og naturfenomener sammen med barna

 

Materialer og utstyr

  • eitt eple
  • to grøne bananar
  • to gjennomsiktige plastposar, gjerne med zip-lås

 

Kan utføres i sammenheng med

Bakgrunnsstoff