forskerfrø.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: forskerfro@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Forsøk og praktisk arbeid
Eplematematikk
Til alle tider har folk rekna med eple og pærer. Her viser vi at eplematematikk ikkje har gått ut på dato.
Det er mange måtar vi kan knytte eple til matematikk. Her er nokre forslag:
- Kor mange eple kan vi legge etter kvarandre tvers over bordet?
- Kan vi legge epla i rekke etter størrelse? Vi kan for eksempel måle med ein «målepinne» dersom det er vanskeleg å sjå forskjell på størrelsen.
- Kan vi lage ein fargeskala av epla?
- Vi kan gruppere dei raude epla, dei mørkeraude, mørkegrøne, lysegrøne, gule ...
- Veging: Ei skålvekt illustrerer godt kva som er tyngst av to eple. Det kan vere moro å tippe først om kva for eple som er tyngst.
- Med ei kjøkkenvekt kan vi finne ut kva for eit eple som er tyngst og kva for eit som er lettast.
Klassifisering er ein viktig del av det å få ting på plass, noko som gjer at vi skapar orden og struktur. Samleglede er spire til systematisering og klassifisering. Å kunne klassifisere bygger på at vi kan sjå samanhengar, likskapar og ulikskapar. Å ordne eller gruppere gjenstandar kan vi gjere ut frå mange forskjellige kriterium, f.eks. størst, minst, fargar, form, lett, tung, lang, kort …
Rammeplanen
Materialer og utstyr
- eple i ulik størrelse og med ulike fargar
- kjøkkenvekt
- skålvekt