Hopp til hovedinnhold

Tursekken til barnehagen – kva inneheld den?

Når du skal på tur med barna i barnehagen, er det nyttig å ha ein fast sekk med eit standard utval av utstyr. Her er forslag til kva du kan ha i sekken.

Barnehagens tursekk Foto: Asbjørn Magnar Hov Kva har du i den faste tursekken din? Her er eit forslag til kva du har i sekken din. Har du alltid dette grunnutstyret i sekken, er du godt rusta til å møte utfordringane som både naturen og barna gir.

Diskuter gjerne innhaldet i sekken med barna som ein del av prosessen rundt planlegginga av turen. Etter at turen er gjennomført, kan de også ta med det de brukte av utstyr inn i samtalen rundt det de opplevde gjennom dagen.

Innhald i sekken:

  • samanleggbare sitteplater
  • fyrstikker
  • handluper eller lupeboksar
  • pinsettar (bladpinsett)
  • kvite isboksar
  • små posar
  • feltbøker (insekt og småkryp, flora, soppbok)
  • laminerte plansjar (forskerfrø.no)
  • kniv, turøks, tursag (primært for vaksne, men kan brukast av barn dersom dei har fått opplæring og under kyndig rettleiing frå personalet)
  • førstehjelpsutstyr
  • tau