Forsøk og praktisk arbeid

Magisk vatn og sukker

Barn elskar å leike med vatn. I dette eksperimentet observerer barn at sukker gradvis forsvinn i vatn, men smaken fortel noko anna.

Magisk vann og sukker

Gjennom heile eksperimentet er det viktig at barna får bruke sansane aktivt og at dei får delta så mykje som mogleg. Start med å la barna få kjenne og smake på sukkerbitane.

Du kan knuse sukkerbitane dersom du ikkje ønsker at barna skal ete så mykje sukker. Deretter finn du fram eit syltetøyglas og lar barna få lukte oppi det tomme glaset. Barn synest det er spennande å lukte, og dei blir aktive deltakarar i forsøket. Fyll så vatn i glaset, og la barna få smake på vatnet. La barna få beskrive med eigne ord kva det smakar. Observer nøye og beskriv sukkerbitane (farge, størrelse, oppbygning osv.).

Vann og sukker

Spør så barna kva dei trur vil skje når de puttar sukkerbitar oppi vatnet. Det opnar opp for ein undringssamtale. Barna puttar nokre sukkerbitar oppi og rører til bitane ikkje synest meir (det engasjerer!). Kva har skjedd med sukkerbitane? Til slutt kan barna smake på vatnet og merke at vatnet har blitt søtt. Samtal med barna kvifor dei trur det er slik.

  Vann og sukker barn

Vidare arbeid

Dersom du ønsker å utvide forsøket, kan de prøve å fjerne sukkeret frå vatnet. Gjennomfør da først eksperimentet Filtrering av sølevann med barna. Sølevatnet blir filtrert med eit kaffifilter. Spørsmålet blir om de greier å fjerne sukkeret frå vatnet på same måte. Undersøk kva barna trur, og gjer forsøket saman med barna. Det lar seg ikkje gjere å fjerne sukkeret med eit kaffifilter, fordi sukkermolekyla er så små at dei går gjennom filteret. Det de derimot kan gjere er å helle sukkervatnet ut på ei skål og la vatnet fordampe vekk. Da vil sukkeret ligge igjen i skåla, mens vatnet forsvinn. De kan så samanlikne utfelt sukker med strøsukker eller sukkerbitar, og samtale med barna om kva som har skjedd.

Fagleg forklaring

Vanleg sukker som vi kjøper i butikken er eit næringsstoff som kroppen treng, og det er eit karbohydrat. Vanleg sukker kallar vi også for røyrsukker eller sukrose. Sukrose er eit disakkarid som består av to (di) enkle sukkermolekyl som er bundne saman (sjå første figuren under).

Forenkla framstilling av molekylstrukturen til eit disakkarid (frå Grønneberg m.fl. 2008, s. 136. Publisert med tillating frå Cappelen). Forenkla framstilling av molekylstrukturen til eit disakkarid (frå Grønneberg m.fl. 2008, s. 136. Publisert med tillating frå Cappelen).

Sukkeret som blir rørt ut i vatn har svake positive og negative ladningar, og sukkermolekyla kallast derfor polare molekyl. Dei har positive og negative polar. Vassmolekylet (sjå figuren under) er også polart, der oksygenatomet (raudt i midten av molekylet) dannar ei lita negativ ladning og hydrogenatoma (kvite) dannar ei svak positiv ladning.

Vassmolekylet består av eitt oksygenatom (raudt) og to hydrogenatom (kvite). Vassmolekylet består av eitt oksygenatom (raudt) og to hydrogenatom (kvite).

Dei små vassmolekyla vil omkranse sukkermolekyla slik at den negative ladning i vassmolekylet vil orientere seg mot positive ladningar på sukkermolekylet. Dei positive endene av vassmolekylet vil legge seg inntil negative ladningar på sukkermolekylet (sjå figuren under). Resultatet er at sukkermolekyla vil bli dregne frå kvarandre og løysast mellom vassmolekyla i glaset.

Generell framstilling av korleis lada vassmolekyl legg seg inntil positive og negative ladningar (Grønneberg m.fl. 2007, s. 47. Publisert med tillating frå Cappelen). Generell framstilling av korleis lada vassmolekyl legg seg inntil positive og negative ladningar (Grønneberg m.fl. 2007, s. 47. Publisert med tillating frå Cappelen).

 

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Generelt:

  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever, utforsker og eksperimenterer med naturfenomener og fysiske lover 

Personalet skal:

  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen
  • utforske og eksperimentere med teknologi og naturfenomener sammen med barna

 

Materialer og utstyr

  • sukkerbitar og strøsukker
  • vatn i eit syltetøyglas
  • plastskeier
  • kaffifilter
  • skål