Forsøk og praktisk arbeid

Filtrering av sølevatn

Sølevatn er fascinerande for barn og kan brukast til så mykje. Men kva er sølevatn for noko? I dette eksperimentet lagar vi sølevatn, og barna får vere med å filtrere vatnet. Dette eksperimentet kan de gjerne gjere etter at barna har gjennomført forsøket Magisk vatn og sukker!

Jord og sølevann 1

Gjennom heile eksperimentet er det viktig at barna får bruke sansane aktivt og at dei får delta så mykje som mogleg gjennom dialog og ved å hjelpe til. Aktiviteten startar med å finne litt jord ute. Barna er med på jordfangsten, noko som kan bli til ein spennande tur i skogen.

La barna undersøke og lukte på jorda og be dei beskrive kva dei sansar. Finn barna noko i jorda? Kva er jord for noko? Situasjonen opnar opp for ein undringssamtale. Deretter tar de fram eit syltetøyglas og fyller det halvfullt med vatn. Det er fint dersom barna kan lukte på vatnet og beskrive det blanke vatnet i glaset. Ha jorda i eit anna glas, og sett glasa med jord og vatn ved sida av kvarandre. Kva er forskjellen? Spør barna kva dei trur vil skje når de overfører jorda til vassglaset. (Kva skjedde med sukker i vatn?) Barna brukar plastskeiene til å overføre jorda og til å røre med (rør godt). Observer nøye og samtal med barna om kva som skjer.

Putt kaffifilteret oppi filterbehaldaren og sett dette over eit tomt glas. Du kan deretter demonstrere korleis reint vatn renn gjennom filteret og ned i glaset (tøm glaset etterpå). Samanlikn det reine vatnet før og etter det har gått gjennom filteret. Observerer de noka forandring? Spør barna kva dei trur vil skje når sølevatn blir helt oppi filteret? Nå kan barna hjelpe til med å tømme sølevatn oppi filteret. Ikkje tøm alt oppi filteret, la noko sølevatn vere igjen i glaset. Dette er spennande å observere. Sett glasa med resten av sølevatn og filtrert sølevatn ved sida av kvarandre. Samanlikn. Kva blei resultatet? Kvifor blei det slik? Kva er det som ligg igjen oppi filteret? Blir vatnet endå klarare ved å filtrere ein gong til? Prøv det. NB: Vatnet er ikkje reint sjølv om det ser reint ut. Nokre bakteriar kan sleppe gjennom filteret. Derfor skal vi ikkje drikke filtrert sølevatn.

Fagleg forklaring

Jord som vi hentar ute kan ha varierande konsistens, men ho består oftast av ein god del organiske bestanddelar. Jorda kan også innehalde mineralpartiklar av ulik størrelse som leire, sand og grus. Dei organiske bestanddelane kan vere daude planterestar og barnåler som er i ferd med å bli brotne ned til for eksempel humus. Humus er delvis nedbrote organisk materiale (plante- og dyrerestar) som gir jorda ein karakteristisk mørk farge. Når vi rører jord ut i vatn, er det humusen som gir brunfargen til vatnet. Tyngre partiklar som leire og småstein vil falle til botnen, mens planterester kan halde seg flytande i glaset.

Spørsmål frå barn

Her kjem det vanlegvis opp mange spørsmål. Spørsmål frå barn kan dreie seg om vi kan drikke vatnet, kvifor fargen blir som han blir eller om det er farleg. Denne aktiviteten kan de gjerne vinkle vidare mot helse og berekraft med drikkevatn som fokus. Ikkje alle i verda har reint vatn.

Rammeplan

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Generelt:

  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan få et mangfold av naturopplevelser og få oppleve naturen som arena for lek og læring.
  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever og utforsker naturen og naturens mangfold
  • opplever, utforsker og eksperimenterer med naturfenomener og fysiske lover
  • får kjennskap til naturen og bærekraftig utvikling, lærer av naturen og utvikler respekt og begynnende forståelse for hvordan de kan ta vare på naturen

Personalet skal:

  • legge til rette for mangfoldige naturopplevelser og bruke naturen som arena for lek, undring, utforsking og læring
  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen

 

Materialer og utstyr

  • jord
  • lita spade
  • vatn
  • syltetøyglas
  • kaffifilter og filterbehaldar
  • skeier