Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Endre ein gjenstand som søkk slik at han kan flyte

Dette er eit forsøk der borna kan erfare at ein kan endre ein gjenstand slik at han går frå å søkke til å flyte eller motsett.

Vann flyte eller synke

Eit forsøk der borna kan erfare at ein kan endre ein gjenstand slik at han går frå å søkke til å flyte eller motsett. Omgrep som kan vera i fokus er tettleik, tyngre eller lettare enn vatn.

Plastelinaen søkk, men kan formast til ein båt som flyt. Ei tom plastflaske flyt, men ligg tyngre og tyngre i vatnet til ho til slutt søkk når ho er full med vatn. Aluminiumsfolie søkk, men kan formast som ein båt som vil flyte. Det er lett å laga ein kjøl på båt av aluminiumsfolie. Då er det fint å legga for eksempel småstein oppi, då ser borna at båten flyt som ein båt skal gjera. Elles vil den ligga på sida. Eit ordinært stearinlys flyt liggande når ein legg det i vatn, og ein spiker søkk. Visst ein pressar spikaren inn i lyset kan ein få lyset til å flyta ståande. Spikeren vil no flyta. 

Borns kommentarar og spørsmål

Når denne aktiviteten er blitt prøvd ut i barnehager, har den vært morsom for barn i hele aldersspennet, men de minste barna forstår ikke prinsippene for flyte og synke. Her er leken med vannet og objektene det viktigste. Spørsmål om hvorfor noe flyter og synker kommer klarere frem etter treårsalderen.

 

Fagleg forklaring

I alle desse forsøka endrar ein tettleiken til gjenstanden slik at den går frå å søkke til å flyte eller omvendt. Ved at ein endrar plastelina frå å vera ein ball til å bli ein båt aukar ein oppdrifta til gjenstanden ved å redusere den totale tettleiken til plastelinaen.

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Generelt:

  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever, utforsker og eksperimenterer med naturfenomener og fysiske lover
  • lager konstruksjoner av ulike materialer og utforsker muligheter som ligger i redskaper og teknologi

Personalet skal:

  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen

 

 

Materialer og utstyr

  • Eit kar
  • Vatn
  • Tom flaske
  • Plastilina
  • Aluminiumsfolie
  • Stearinlys
  • Spiker