Forsøk og praktisk arbeid

Historie i vassmiljø

I dette forsøket kan borna få bruke kunnskapen sin om kva som flyt og søkk.

Vann Flyte og synke

Før de gjer denne aktiviteten, gjer Kva flyt og kva søkk og Endre ein gjenstand som søkk slik at den kan flyte

Fyll karet med vatn. Borna lagar ei historie der handlinga skal gå føre seg både i overflata, i vassøyla og på botnen av karet. Her må gjenstandane tilpassast slik at dei oppfører seg slik som borna ynskjer, og på denne måten brukar dei kunnskapen sin om kva som flyt og kva som søkk. 

Borns kommentarar og spørsmål

Når denne aktiviteten er blitt prøvd ut i barnehagen, har borna bruka kunnskapane sine om flyting og søkking til å lage ei felles forteljing. Dei utforska temaet og fikk endå meir kunnskap om flyting og søkking. Dei fann hjelpemiddel for å få noko til å flyte eller søkke, etter behov for å passe inn i historia. Borna har stilt spørsmål som: Trur du denne flyt? Kvifor blir plastelina klissete i vatn? Kvifor ligg den figuren (duplo) i midten av vatnet og den andre (Fisher-Price) flyt?

Fagleg forklaring

Om noko flyt eller søkk avheng av tettleiken til objektet. Tettleik eller molekylvekt er eit mål på massetettleiken til eit stoff, altså masse per volum. Jo høgare tettleik eit objekt har, desto større er mengda masse per volumeining, det vil seie at tettleiken påverkar vekta til objektet direkte.

Om objektet har lågare tettleik enn vatn, blir løftekrafta så stor at objektet flyt. Jern har ein høgare tettleik enn vatn, noko som inneber at jern søkk i vatn. Ettersom jern har større tettleik enn vatn, kan det berre flyte om forma blir tilpassa, slik at jernet for eksempel har større overflate i forhold til lufta over og den omkringliggande væskeoverflata. På den måten er det den gjennomsnittlege tettleiken av jernet og lufta som gjer at den gjennomsnittlege tettleiken av gjenstanden blir lågare enn tettleiken til vatn. Slik kan eit kar laga av jern flyte.

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Generelt:

  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever, utforsker og eksperimenterer med naturfenomener og fysiske lover
  • lager konstruksjoner av ulike materialer og utforsker muligheter som ligger i redskaper og teknologi

Personalet skal:

  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen

 

Materialer og utstyr

  • Eit gjennomsiktleg kar
  • Vatn
  • Diverse gjenstandar som både flyt og søkk