Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Fuglar om våren

Vi har nokre fuglar som overvintrar hos oss og nokre som trekker sørover. Når er det dei ulike fuglane begynner å rope på våren? Når kjem dei ulike trekkfuglane tilbake?

Blåmeis2x1AMH

Denne aktiviteten begynner allereie i januar og går gjennom heile våren. Aktiviteten trenar barna i  å observere både med å bruke synet og å lytte etter fuglesong. I tillegg lærer barna namnet på mange fuglar.

Heng opp ein plakat i barnehagen på den staden barna har utsikt ut over uteområda til barnehagen. På plakaten skriv de øvst:

Dato  |            Art             |           Sett/høyrt          |   Bilde

De skal både sjå etter ulike fugleartar og høyre etter fuglesong. Bruk ei fuglebok for å bestemme arten når de ser han, og ein CD med fuglesongar eller Kvitre+-appen. 

Når de har identifisert ein fugleart, skriv ut eit bilde av fuglen og lim det inn på plakaten.

Bruk våren til å både sjå etter artar og høyre når dei syng for første gong. I januar ser vi ofte blåmeis og kjøttmeis. Når de observerer dei, noter dette ned i skjemaet. Når de høyrer desse fuglane synge for første gong, noter ned dette også. Fuglesongen er eit vårteikn og fuglane syng for å hevde territorium og for å lokke til seg ein make. Kjøttmeis og blåmeis kan finne på å synge allereie i januar, særleg dersom det brått blir varmare i vêret. Sjølv om det ikkje er vår ennå, vil dei gjerne sei frå om at «her er eg, og eg forsvarar dette området».

Vi skil mellom standfuglar, streiffuglar og trekkfuglar. Standfuglane er dei som overvintrar (held stand mot vinteren), som kjøttmeis og blåmeis. Streiffuglar flyr rundt for å finne mat og trekker kanskje litt mot stadar med gunstigare klima. Eit eksempel her er sidensvans. Trekkfuglane trekker til varmare klima. Nokre kanskje berre til sørlege delar av Sverige og Danmark. Andre heilt til Sør-Europa og Afrika. 

Utover våren kjem dei første trekkfuglane. Ofte er bokfinken den første. Han kan de både sjå og høyre. Utover sommaren kjem også lauvsongar som er vanskeleg å oppdage, men vi høyrer han tydeleg.

Kven kjem når?

I tabellen under ser de nokre uoffisielle registreringar gjorde våren 2017. Denne kan gi dykk nokre hint om når de kan forvente dei ulike artane:

Månad Art Kommentar (dato høyrt synge)
Januar/februar Kjøttmeis Standfugl, song allereie i januar
  Blåmeis Standfugl, song allereie i januar
  Grønfink Standfugl (16. februar)
  Bjørkefink Standfugl (20. februar)
  Stillits Standfugl (16. februar)
Mars Svarttrost Trekkfugl, nokre overvintrar (10. mars)
  Gulsporv Standfugl (11. mars)
  Bokfink Trekkfugl (28. mars)
April Raudvingetrost Trekkfugl, nokre overvintrar (2. april)
  Gjerdesmett Trekkfugl, nokre overvintrar (2. april)
  Fuglekonge Trekkfugl (5. april)
  Raudstrupe Trekkfugl, nokre overvintrar (6. april)
  Gransongar Trekkfugl (8. april)
  Linerle Trekkfugl
  Sanglerke Trekkfugl (12. april)
  Jernsporv Trekkfugl (12. april)
  Måltrost Trekkfugl (12. april)
  Vipe Trekkfugl (26. april)
  Stær Trekkfugl (28. april)
Mai Lauvsongar Trekkfugl (4. mai)
  Munk Trekkfugl (4. mai)
  Svartkvit flugesnappar Trekkfugl (4. mai)
  Heipiplerke Trekkfugl (5. mai)
  Låvesvale Trekkfugl
Juni Taksvale Trekkfugl
  Tårnseglar Trekkfugl

 

 

 

 

Materialer og utstyr

  • fuglebøker
  • Kvitre+-app
  • ark til notat

Kan utføres i sammenheng med

Er bakgrunnsstoff for

Bakgrunnsstoff