Forsøk og praktisk arbeid

Kva flyt og kva søkk?

Eit forsøk som kan auka forståing hos borna for at nokre gjenstandar flyt og nokre søkk. Omgrep som kan vera i fokus her er flyting og søkking.

flyte eller synke 2

Dette er eit forsøk som kan auka forståing hos borna for at nokre gjenstandar flyt og nokre søkk. Omgrep som kan vera i fokus her er flyting og søkking.

  • Fyll karet med vatn.
  • Visst borna er gamle nok kan ein be dei laga ei hypotese om kva dei trur som flyt og kva som søkk. 
  • Så får barna teste ut kva skjer, kva flyt og kva søkk. 

Tips

 Bruk «tunge gjenstandar» som flyt og «lette» som søkk.

 

Fagleg forklaring

Om noko flyt eller søkk avheng av tettleiken til objektet. Tettleik eller molekylvekt er eit mål på massetettleiken til eit stoff, altså masse per volum. Jo høgare tettleik eit objekt har, desto større er mengda masse per volumeining, det vil seie at tettleiken påverkar vekta til objektet direkte.

Om objektet har lågare tettleik enn vatn, blir løftekrafta så stor at objektet flyt. Jern har ein høgare tettleik enn vatn, noko som inneber at jern søkk i vatn. Ettersom jern har større tettleik enn vatn, kan det berre flyte om forma blir tilpassa, slik at jernet for eksempel har større overflate i forhold til lufta over og den omkringliggande væskeoverflata. På den måten er det den gjennomsnittlege tettleiken av jernet og lufta som gjer at den gjennomsnittlege tettleiken av gjenstanden blir lågare enn tettleiken til vatn. Slik kan eit kar laga av jern flyte.

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Generelt:

  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever, utforsker og eksperimenterer med naturfenomener og fysiske lover -lager konstruksjoner av ulike materialer og utforsker muligheter som ligger i redskaper og teknologi

Personalet skal:

  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen