Forsøk og praktisk arbeid

Oppdrift

I dette forsøket får borna erfaring med Arkimedes lov om oppdrift. Omgrep som kan vera i fokus her er kraft i vatnet, oppdrift og tettleik.

Vann oppdrift

La borna få presse ein oppblåst ballong ned i vatn. Dei vil erfare at dette krev muskelkraft av dei, og at det er krefter i vatnet. Vidare vil dei sjå at vatnet stig når ballongen blir pressa ned i vatnet. Ha to like store kuler (eller noko anna med lik form) av ulikt materiale der begge søkk. Kven av kulene pressar vekk mest vatn? Kuler med likt volum av ulikt materiale vil presse vekk like mykje vatn. I forsøket Endre ein gjenstand som søkk slik at den kan flyte endra ein forma på gjenstanden for å endre flyte/søkke eigenskapane.

Ein kan og endre eigenskapane til vatn ved å tilsette salt. Då kan ein få ei potet, gulrot eller eit egg til å flyte. Ved å tilføre salt aukar ein tettleiken til vatnet.

Ha druer i reint vatn og samanlikn med druer i Farris. Kva er det som gjer at druene flyt i Farris? Den oppløyste CO2-gassen i Farris vil feste seg til drua og når det blir nok gassbobler får drua nok oppdrift til at den flyt. Gassboblene går over til lufta når drua ligg i overflata, og drua vil dermed søkke igjen. Så gjentar heile prosessen seg. Se aktiviteten Dansande rosiner.

Fagleg forklaring

Om noko flyt eller søkk er avhenging av tettleiken til objektet. Tettleik eller molekylvekt er eit mål på massetettleiken til eit stoff, altså masse per volum. Jo høgare tettleik eit objekt har, desto større er mengda masse per volumeining, det vil si at tettleiken påverkar vekta til objektet direkte. 

Om objektet har lågare tettleik enn vatn, blir løftekrafta så stor at objektet flyt. Jern har ein høgare tettleik enn vatn, noko som gjer at jern søkk i vatn. Ettersom jern har større tettleik enn vatn, kan det berre flyte om forma blir tilpassa slik at jernet for eksempel har større overflate i forhold til lufta over og væskeoverflata rundt. På den måten er det den gjennomsnittlege tettleiken av jernet og lufta som gjer at den gjennomsnittlege tettleiken av gjenstanden blir lågare enn tettleiken av vatn. Slik kan eit kar laga av jern flyte. 

Rammeplanen

Kapittel 9 Barnehagens fagområder - Natur, miljø og teknologi

Generelt:

  • Barnehagen skal legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskapelige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper.

Barnehagen skal bidra til at barna:

  • opplever, utforsker og eksperimenterer med naturfenomener og fysiske lover
  • lager konstruksjoner av ulike materialer og utforsker muligheter som ligger i redskaper og teknologi

Personalet skal:

  • gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
  • synliggjøre naturfenomener og reflektere sammen med barna om sammenhenger i naturen

 

Materialer og utstyr

  • Stort og lite kar
  • Vatn
  • Oppblåst ballong
  • Potet
  • Salt
  • Rørepinne