Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Oppdrift

I dette forsøket får borna erfaring med Arkimedes lov om oppdrift. Omgrep som kan vera i fokus her er kraft i vatnet, oppdrift og tettleik.

Vann oppdrift

La borna få presse ein oppblåst ballong ned i vatn. Dei vil erfare at dette krev muskelkraft av dei, og at det er krefter i vatnet. Vidare vil dei sjå at vatnet stig når ballongen blir pressa ned i vatnet. Ha to like store kuler (eller noko anna med lik form) av ulikt materiale der begge søkk. Kven av kulene pressar vekk mest vatn? Kuler med likt volum av ulikt materiale vil presse vekk like mykje vatn. I forsøket Endre ein gjenstand som søkk slik at den kan flyte endra ein forma på gjenstanden for å endre flyte/søkke eigenskapane.

Ein kan og endre eigenskapane til vatn ved å tilsette salt. Då kan ein få ei potet, gulrot eller eit egg til å flyte. Ved å tilføre salt aukar ein tettleiken til vatnet.

Ha druer i reint vatn og samanlikn med druer i Farris. Kva er det som gjer at druene flyt i Farris? Den oppløyste CO2-gassen i Farris vil feste seg til drua og når det blir nok gassbobler får drua nok oppdrift til at den flyt. Gassboblene går over til lufta når drua ligg i overflata, og drua vil dermed søkke igjen. Så gjentar heile prosessen seg. Se aktiviteten Dansande rosiner.

 

Materialer og utstyr

  • Stort og lite kar
  • Vatn
  • Oppblåst ballong
  • Potet
  • Salt
  • Rørepinne