Hopp til hovedinnhold

«Eg fann, eg fann» – naturfag som inspirasjonskjelde til musikk

Ei oppfordring til alle som er interesserte i å arbeide med musikk ved hjelp av gjenstandar frå naturen: Ver som Espen Askeladd – venn deg til å plukke opp ting og lytte etter klangen i det du finn. Du kan få bruk for det før du anar!

skjell

Instrument verda over – både folkemusikkinstrument og instrument knytt til konsertsalen – inneheld materiale frå naturen, og naturen har til alle tider vore inspirasjonskjelde for så vel «vanlege» folk som kunstnarar og komponistar. Går vi noko tilbake i tid, finn vi fleire tilknytingspunkt mellom natur og musikk, f.eks. i gjetarlivet. Når dyra hadde lagt seg ned for å kvile og fordøye maten og barna hadde ei roleg stund, kunne dei more seg med å lage lyd med ting dei fann i marka, så som å slå på steinar og pinnar og blåse på strå, men dei kunne også spele små melodiar på omarbeidd materiale som seljefløyte, lur eller bukkehorn. Kanskje hadde dei ei «sauleggspip» i lomma, ei fløyte av beinet til sauen. I Noreg har det til alle tider vore laga fløyter av bein etter sau, geit, rein og elg. Dette reknast for å vere blant dei eldste registrerte musikkinstrumenta i verda, og er ein tradisjon som blir halden i hevd i Noreg den dag i dag.

Ser vi på bruken av naturmateriale når det gjeld musikk, er det to forhold som gjer seg gjeldande: Nokre instrument kan vi spele på direkte når vi plukkar dei opp frå bakken, mens andre må vi omarbeide litt for at dei skal bli til noko som kan fungere musikalsk: kanskje må det borast nokre hol og bli trædd trådar gjennom, kanskje må ting bli bunta saman på ulike måtar, eller – dersom vi er så avanserte at vi vil ha fram ein liten melodi – må det lagast fingerhol.

Kva kan vi finne og korleis kan vi gjere bruk av lydgivarar frå naturen når vi driv musikkundervisning? Som nemnt er det mykje som kan spelast på slik det er når vi plukkar det opp: Vi kan blåse på eit breitt og flatt grastrå ved å halde det stramt mellom tommelfingrane. Det trengst litt trening å få plassert strået riktig, men får vi først lyd, kan to personar ha ein musikalsk «dialog» gåande med ulike lydar og rytmar. Lyden er ganske skingrande, og i gamle dagar trudde ein at slik lyd kunne framkalle regn.

Eit anna instrument er halmpipa, knytt til skuronna om hausten. Ved å skjære ei tunge i eit halmstrå og blåse i den eine enden, får vi ein tynn, pipande lyd. Vi kan også spele på ein løvetannstilk ved å ta ca. 3–4 cm av stilken, knipe han litt saman i enden med fingrane og blåse med trutmunn. Det blir ein slags obo-aktig lyd. Ved å opne og lukke handa vil klangen endre seg.

Steinar er ein annen fin lydgivar. Finn vi to steinar som gir god lyd når vi slår dei mot kvarandre, kan vi leike med forskjellige rytmar.

Pinnar blir også fine rytmeinstrument, men det kan vere lurt å vere litt kritisk til kva for pinnar vi vil bruke ut frå klangen dei gir. Her i landet har vi ikkje eksotiske, harde treslag som gir ein god klang i rytmepinnane, så vi må nøye oss med gran, furu, bjørk og andre lokale blautare treslag kan gi. Men det hender at pinnar som har lege så lenge at barken har falle av, eller har lege i vatn, får ein betre klang enn dei «ferske» vi finn rett utanfor barnehagen.

Instrumentmakaren Magnar Storbækken frå Tolga seier at «synketømmer og myrtømmer har gode akustiske egenskaper», og han har f.eks laga ein lur av ein planke som hadde lege i myra i over 300 år. Det er morosamt å gå på jakt etter pinnar med god klang for deretter å pusse de med sandpapir, bore eit hol i den eine enden, træ ein tråd gjennom og henge dei opp på ein stokk. Dersom vi drar fingeren bortover dei eller ristar, får vi ein morosam lydeffekt som minner om regnvêr. Sjølve konstruksjonen kan likne litt på instrumentet «stjernedryss» eller chimes, og mange kallar derfor instrumentet ein «tre-chimes» eller eit pinneorgel.

Kongler frå gran og furu er lett å samle, og dersom vi gnir dei mot kvarandre kan dei lage ulike lydar alt etter kva for eit modningsstadium dei er på.

Kastanjar lagar ikkje lyd i seg sjølve, men dersom du legg mange av de i ein isboks og ristar, får du eit fantastisk «regnvêr». Det er morosamt å riste med ulike fart og med ulik intensitet, og høyre korleis regnet kjem nærmare og nærmare og deretter fjernar seg igjen. Dersom vi er ved sjøen om sommaren, kan vi kanskje finne rifla skjel som gir fin lyd når vi gnir dei mot kvarandre.

Vi kan også bruke nøtter som vi tørkar og heng saman i ein klase. Desse kan vi riste på og rasle med. Vi kan altså finne fine instrument i naturen, men nokre av leikene til barna kan også brukast som lydgivarar.

Rangler er av dei eldste leikene vi veit om, men dei er også fine musikkinstrument. Vi må ha ein «behaldar» av eit eller anna slag og så legge noko inni som gir lyd når vi ristar på det. I gamle dagar blei det laga rangler av tørka urinblære til gris. Ein putta erter eller små skjel i rangla, og det ga fin lyd. Nokre stadar bruka dei luftrøyret til høns eller storfugl til det same formålet. Dei fylte erter i og laga ein ring av luftrøyret ved å stappe den tynne enden ned i den breie. Da kunne barnet både halde i ringen, bite i han og få fin lyd.

Eit anna instrument er ei hurre, eit tynt trestykke med snor i den eine enden. Når vi svingar trestykket rundt i lufta, kjem det ein dirrande, brummande lyd som varierer mellom mørk eller lys avhengig av størrelsen på trestykket. På engelsk kallast ei hurre for bullroarer – oksebuldrar.

Kva vi kan gjere i barnehagen dersom vi vil ta i bruk naturen som leverandør av musikkinstrument? Sjølvsagt kan vi ta ein kort innsamlingstur rett utanfor barnehagen og så spele på det vi har fått tak i. På ein tur i skogen kan f.eks. ei gruppe barn få i oppgåve å finne pinnar som gir god lyd når dei slår dei mot kvarandre, nokre barn kan gå på stein-jakt med same formål og ei tredje gruppe kan samle tørre blad, kongler o.l. Er vi ved sjøen, kan vi finne blæretang som smell og hjarteskjel med ribber som lagar morosam lyd når vi gnir dei mot kvarandre. Mange stadar finst det forskjellige typar sand, både grov og fin. Den grove kan vi putte i ulike behaldarar og riste, og den fine kan vi helle i ei pappeske og rotere eller dreie fram og tilbake. Med litt trening kan vi få til ein flott lyd som minner om bølger. Vel heime igjen må instrumenta sorterast. Her er det viktig ikkje berre å ha eit kritisk blikk, men også eit kritisk øyre: Kva for pinnar gir fin klang og skal behaldast, og kva for pinnar er heilt «daude» og dermed ubrukelege? Kva for steinar kling best? Kor mange hjarteskjel fann vi? Har vi nok par? Kor mange boksar skal vi fylle med kva for type sand? Her er det mange viktige avgjerder å ta. Vi må undre oss, diskutere og filosofere. Når alt grovarbeidet er gjort, kan musiseringa starte.

Barna kan sitte gruppevis i ring, kvar gruppe med sitt instrument. Etter tur fortel gruppene om instrumentet sitt, kva for farge og form det har, korleis det kjennest å ta på, og ikkje minst korleis instrumentet kling. Kvar gruppe demonstrerer lyden for dei andre. Barna og dei vaksne undrar seg over kontrastane: Nokre instrument kling sterkt og andre svakt, nokre kling lyst og andre mørkt, nokre læt hardt og nokre bløtt osv. Barna prøver deretter om dei kan spele på instrumentet sitt på andre måtar for å få fram fleire lydar: Kan dei f.eks. halde steinen slik at handa kan opne og lukke seg rundt han når dei slår på han med ein annan stein? Kva har det å seie for klangen, tru? Og får pinnane ein annan lyd dersom vi spelar på de med endestykka mot kvarandre? Og kva skjer dersom vi slepp alle pinnane i golvet samtidig? Kva for effekt får vi da? Slik kan vi halde på med å eksperimentere. Etter demonstrasjonen frå kvar gruppe kan det vere spennande å prøve å identifisere naturinstrumenta ut frå klangen aleine, ein slags «Kims leik». Instrumenta er skjulte, ein lyd høyrast: Kva for eit instrument var det? Eller identifikasjon ut frå form, der eitt eksemplar av kvart instrument blir lagd i ei kasse, og barna – ved å kjenne oppi kassa utan å sjå – kan fortelje kva for eit instrument dei kjenner.

Eg fann, eg fann. I tillegg til dei vanlege lydgivarane vi finn i naturen her til lands, har eg ulike frøkapslar som eg har fått tak i på reiser i utlandet, bl.a. tørka paprika frå Ungarn og ulike kalebassar frå Hellas. I ei grøft i Spania fann eg kjempestore frøbelgar frå eit lokalt treslag, og på ein marknad i Sør-Afrika fekk eg tak i små frøkapslar som var hekta saman til lange remser, fine til å feste på kroppen når ein dansar. Tilfeldigvis kom eg til å legge nokre kastanjar i ein frisbee ein gong, og ved å dreie på denne «sendeplata» oppsto det eit flott regnvêr. Og for ei stund sidan fekk eg tak i ein haug brukte kamskjel frå ein restaurant, flotte å bruke i undervisninga.

Naturinstrumenta brukar eg til mykje forskjellig, frå å leike ganske fritt med klang, rytme og dynamikk til å lage lydlinjer, ulike komposisjonar eller lydlegge historier og eventyr. Eller eg vel å bruke dei som rytmeinstrument til song saman med vanlege melodi- og akkompagnementsinstrument som gitar, piano og bass. Dersom vi har eit trongt budsjett, kan ein dyr guiro fint erstattast med to kamskjel, clavesrytmar kan spelast på pinnar og steinar, og lyden av maracass kan vi få frå tørka frøkapslar eller nett med hasselnøtter.

Vi finn dei fleste instrumenta når bakken ikkje er dekka av snø og is, men sjølv om det er vinter, kan vi gå på lydjakt i barnehagen. Lyden av is og snø kan vere spennande å lytte til, særleg dersom barnehagen har ein opptakar slik at barna kan høyre på lydane sine etterpå. Tenk på lyden av is som blir tråkka på i ein søledam, lyden av skritt i snøen ein kald vinterdag, lyden av dryppande vatn frå ein istapp osv. Musikaren Terje Isungset gjer bruk av alt dette når han lagar is-musikken sin. Bl.a. seier han at lyden av istappar kling best når det er skikkeleg kaldt, gjerne ned mot minus 30.